Sveitsarar vil kjøpa Bergen Engines

Det sveitsiske selskapet Business Creation Investments AG vil kjøpa Bergen Engines, skriv BT/E24. Dei la inn bud på fabrikken i fjor, men vart slått av TMH. Konsernsjef Gerry van der Sluys har sendt brev til næringsminister Iselin Nybø om interessa.