Kommunen Sveio sør i Vestland er ein av dei kommunane som har fått høge straumutgifter.
Og med lågare temperaturar framover er det venta at straumprisane vil gjera nye steg oppover. Analytikarar har antyda opp mot 20 kroner dei dyraste timane i Sør-Noreg.
For å spara pengar har Sveio kommune skrudd ned temperaturen på rådhuset med to grader til 19 grader.
Men grunna store vindauge i kommunestyresalen, er det ofte endå kaldare der når rommet har stått tomt ei stund.
Fleire kommunar gjer som Sveio. Både Etne og Bergen kommune i Vestland har alle seinka temperaturen i offentlege bygg.
Også politikarane på Stortinget må seinka temperaturen. Det same skjer med temperaturen på norske togstasjonar.
I Sveio har rådmannen handla inn pledd for at både tilsette og besøkjande kan halda varmen på rådhuset.
Under siste formannskapsmøte fekk politikarane bruk for dei varme teppa, skriv avisa Vestavind, som først omtalte denne saka.
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) var blant dei som tok på pleddet.
– Rommet var litt kaldare enn det har brukt å vera. Og då var det godt å ha pledda, seier ordføraren til NRK.
Fått beskjed om å kle seg betre
Ho seier møtet var bra, og at temperaturen ikkje var så låg at det var ein fare for demokratiet.
– Nei, på ingen måte, seier ordføraren.
Erve meiner samfunnet har vore van med låge straumprisar over tid, men at høgare straumprisar no tvingar fram tiltak.
– Det å skru ned temperaturen er eit godt sparetiltak. Alle politikarane har fått beskjed om å kle seg betre til møta, og det er teke godt i mot, seier ho.
Håkon Skimmeland (Ap) sit ved dei store vindauga i kommunestyresalen, og måtte ta på seg pleddet.
Foto: Thomas Vallestad Drageset / VestavindKjøpt fleecepledd på sal
Konstituert rådmann i Sveio kommune, Ingunn Toft, fortel at ho har kjøpt inn sju fleecepledd. Til ein veldig liten kostnad.
– Dei var på halvpris og kosta 85 kroner. Pledda er «fluffy» og gode og gjorde nytten i det politiske møtet, seier ho.
Pledda er kjøpt inn til bruk på rådhuset, slik at både gjestar og politikarar kan bruka dei.
– Spesielt folk som kjem utanifrå, og som er van med høgare temperatur i bygg, kan få bruk for ekstra pledd, seier ho.
Fastpris på straum
Så langt i år har Sveio kommune 5 millionar i ekstra straumutgifter samanlikna med 2021. Trass i at halvparten av straumen er fastpris.
Denne avtalen går ut ved nyttår og vil gje kommunen større utgifter.
Kommunen ligg i prisområde N02 som fleire gonger i år har sett prisrekord.
Håpet er at det kortsiktige sparetiltaket vil spara kommunen for fleire hundre tusen kroner.
– Det er viktig at me som kommune går føre som eit godt døme, og prøvar å spara straum der me kan, seier Toft.
Ho legg til at korkje skular, omsorgssenter eller legekontor har fått lågare innetemperatur.
– Ingen skal frysa på jobb. Men me skal tenkja oss om og kle på oss, seier ho.
Ifølgje rådmannen har dei også sett i verk større tiltak, som etterisolering av rådhuset.
Ingen klare grenser
Bjarte Stølås Storli er verneombod på rådhuset i Sveio. Han støttar tiltaket.
– Dette er heilt uproblematisk. Og det er sagt at ingen skal frysa på jobb. Då må me skru opp temperaturen igjen, seier han.
Sjefingeniør Kari Mork i Arbeidstilsynet har tidlegare sagt til NRK at det ikkje er klare temperaturgrenser for inneklima i Arbeidsmiljølova.
Men tilsynet tilrår at temperaturen ikkje er under 19 eller over 26 grader.
– Under 19 grader vil fleire frysa eller føla det ukomfortabelt. Og i eit arbeid der fingerferdigheit og presisjon er viktig, kan det bli vanskeleg viss det blir for kaldt, sa ho.
Partilederne debatterte straum hos Fredrik Solvang under partilederdebatten.