Hopp til innhold

Kommunen fortvilar: Folk flyttar på vaksinetime for ikkje å bli sjuk i jula

Vesle Sveio kommune har fått inn ekstra folk til vaksinering, men rundt 600 vaksinetimar står tomme. Grunnen: Mange vil ikkje vil øydelegga jula.

Christine Strømø på vaksinesenteret i Sveio.

STOR RISIKO: Christine Strømø og ungane hennar har diagnosar som gjer det umuleg å utsetja vaksinedosen. – Eg blir glad når andre også tek vaksinen så tidleg som muleg.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Ein god del fryktar at biverknader skal spolera ferien, seier ein oppgitt kommunalsjef Ingunn Toft.

Det er god plass i ventesona i idrettshallen på Vigdartun i Sveio kommune i Vestland.

Malene Vikse (18) er sterkt plaga av astma, og får difor tredje dose med koronavaksine tidlegare enn dei fleste på hennar alder.

– Eg blei dårleg og fekk feber etter den første dosen, men har aldri vurdert å utsetja denne timen. Det viktigaste for meg er å bli minst muleg sjuk viss eg får korona.

Ho respekterer at fleire har gyldige grunnar til å utsetja timen, men synest det er litt egoistisk å venta på grunn av juleferie.

Malene Vikse

TEK SJANSEN: Malene Vikse seier ho respekterer at nokon vel å utsetja timen, men synest det er litt egoistisk viss det er for å unngå biverknader i ferien.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Hundrevis vil venta til januar

Det bur berre rundt 5.500 personar i kommunen. Tysdag denne veka var det rundt 600 som hadde utsett vaksinetimen sin til etter nyttår.

– Ein god del vegrar seg for å ta vaksinen like før jul og i romjula. Dei vil ikkje bli dårlege av biverknader, og vil heller ikkje bruka fritida si på vaksinering og eventuelle symptom, seier Toft.

Avisa Vestavind skreiv om saka først.

Kommunalsjef Ingunn Toft i Sveio

BER FOLK MØTA: – Det er meldt om få biverknader etter tredje dose, og me håpar folk nyttar seg av ledige timar i jula, seier kommunalsjef Ingunn Toft

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sveio har hatt høgt smittetrykk den siste tida. I førre veke blei det registrert 40 smitta, men situasjonen har førebels roa seg denne veka.

Målet var å setja fleire enn 1.000 vaksinedosar denne veka. Heller ikkje i romjula er timane fylte opp. Og det trass i at bemanninga på vaksinesenteret er betre enn på lenge, med mange studentar som bidreg.

– Me skulle ønskja det var endå fleire som såg alvoret i situasjonen, og nytta sjansen når me no har så god kapasitet, seier Toft.

– Folk på jobb ofrar sjølv ferie

Folkehelseinstituttet (FHI) har inga oversikt over kor mange vaksinetimar som blir utsette rundt om i landet.

– Det er synd for Sveio kommune at folk ikkje møter når dei har gjort alt klart. Me ber folk om å ta den første timen dei kan, sjølv om det kolliderer med ferie, seier overlege Preben Aavitsland i FHI.

I Oslo har dei opplevd tendensar til at folk ville flytta timen til etter nyttår, men det er ikkje eit problem no. Også Bergen kommune melder at timebøkene blir fylte opp.

Det gjer situasjonen i Sveio endå meir spesiell.

– Det er mange vaksinemedarbeidarar som sjølv har flytta på sin ferie for å vera tilgjengelege, og då bør folk stilla opp, meiner Aavitsland.

Tysdag gjentok styresmaktene at rekordmange korona-pasientar er innlagde den siste veka, og at det er utfordrande å skaffa nok helsearbeidarar

Sissel Øritsland får koronavaksine i Sveio

DOSE TRE: – Det er viktig å vaksinera seg for fellesskapet, meiner Sissel Øritsland, som fekk dose tre i Sveio tysdag.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Håpar fleire på drop-in

33 år gamle Christine Strømø er ei av dei som tek tredje dose i Sveio like før jul. Ho har astma og nedsett immunforsvar på grunn av ME. I tillegg har ho barn med astma og diabetes.

– Eg fekk fire dagar med 40 i feber av dose to, men tek likevel sjansen tre dagar før julaftan. Eg må jo gjera min del for å beskytta meg sjølv og andre.

No håpar kommunen at fleire tek kontakt, noko mange har gjort etter at dei stilte opp i media.

– Vår erfaring er at svært få får biverknader av den tredje dosen. Eg håpar difor fleire nyttar seg av drop in-tilbodet i jula, seier kommunalsjef Ingunn Toft.