Hopp til innhold

Sveen: – Eg fekk panikk då eg såg at foten berre hang der

– Eg fekk panikk og skjønte med ein gang at sesongen var over. Eg kjende at noko var gale før eg trefte bakken, og så såg eg at beinet hang laust i lufta.

Ole Amund Sveen på sjukesenga etter beinbrot.

SJUKEHUSET: Ole Amund Sveen vart operert på Førde sentralsjukehus natt til torsdag, og må vera der nokre dagar til. Men operasjonen var vellukka.

Foto: Privat

Her bryt Sveen foten
Foto: Christian Blom / Scanpix

Sogndalspelaren Ole Amund Sveen braut begge beina i venstre legg under gårsdagens kamp mot Stabæk.

Det var etter 19 minutt av kampen at Sveen kasta seg inn i kamp om ballen med Stabæk-keeper Mande Sayouba. Ballen gjekk over streken og i mål, men i staden for å jubla for scoring vart Sveen liggande å vri seg i smerte.

Mest sannsynleg vil Sveen vera ute resten av sesongen.

Kjende ikkje smerta først

Lagkameratane kom springande bort til Sveen for å jubla for scoring saman med han, men ein såg tydeleg på reaksjonane deira at noko var gale.

Sveen skildrar situasjonen slik.

– Ballen var laus mellom meg og keeper. Eg kasta meg fram for å sette ballen i mål, men kjende med ein gong at noko var gale, seier Sveen.

– Eg tenkte først at no ryk resten av sesongen og så at dette kjem til å bli veldig vondt, legg han til.

Og bilda seier alt om smerta Sveen var i.

Ole Amund Sveen

SMERTE: Alt før ballen har trilla i mål, ser ein tydeleg på Ole Amund Sveen at han har store smerter.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

«God måte å brekke beinet på»

Før scoringa og beinbrotet til Sveen var Stabæk det beste laget på Fosshaugane, men etter at Sveen var tatt av bana og send på sjukehuset valsa Sogndal inn til ein solid 4–1 siger.

– Det er ein god måte å brekke beinet på om ein skal sjå positivt på det. Det vart mål av det og det var ikkje berre ei takling, seier Sveen lattermildt frå sjukesenga.

Medan han låg der var det fortvila lagkameratar som flokka seg rundt han, men Sveen takkar dei for støtta.

– Eg har blitt bombardert med hyggelege meldingar og det er rørande at dei sett pris på meg, seier han.

Det ser ut til at han vert ute resten av sesongen, men sjølv håpar han å komme tilbake på bana før sesongslutt.

– Sesongen er ikkje ferdig før i slutten av november så eg håpar å kunne få med meg nokre kampar på slutten, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..