Spelet om Fundo er eit gigantisk økonomisk svarteperspel. Velinformerte kjelder seier til NRK Sogn og Fjordane at "alle veit at det går an å drive Fundo med overskot." Bilfabrikantane i Europa får ikkje nok aluminiumsfelgar, og dersom ikkje ein felgfabrikk som ligg vegg i vegg med eit aluminiumsverk kan drive lønsamt, då er det ingen som kan det.
Problemet er at Fundo har alt for stor gjeld. 216 millionar kroner skulda Fundo ved årsskiftet. Løpande renter og avdrag er så store at det tappar livsblodet or heile drifta. Får Fundo berre redusert gjelda til eit anstendig nivå, er det klart at det går an å drive med overskot, arbeidarane beheld jobbane sine, underleverandørane held fram å eksistere og Høyanger er berga frå samanbrotet.
Men skal gjelda reduserast, må nokon ta eit tap. Denne svarteperen er det som no ligg på bordet, og ingen vil ha. Finansinstitusjonane har 130 millionar å tape. Hydro over 40 millionar. Ein småleverandør som Per A. Øren har over fire millionar uteståande. Og alle desse har no valet mellom to onder: tape litt, eller tape alt. Går Fundo konkurs, er det ikkje andre verdiar i buet enn nokre maskiner og ein produksjonshall. Dette er det møta den siste veka har handla om.
Sidan onsdag har partane forhandla på overtid. Kvar dag har ein sagt at "i morgon må vi ha ei løysing", og så har ein ikkje fått det til. I går sat partane til langt på natt for å bli einige.
Men tida renn ut. I dag står 380 arbeidarar og ventar på løn, og fabrikken har ikkje pengar til å betale.
Det mest alvorlege er likevel forholdet til kundane. Støypeformene til felgane er nemleg bilfabrikkane sin eigedom. Saab og Volvo har mykje å tape, og dei har folk i Høyanger no. Det kan hende dei er komne for å hente støypeformene for å flytte dei til ein annan fabrikk. I så fall er spelet slutt. Og alle rundt møtebordet sit att med Svarteper.