Såleis er sesongen i gong, to - tre veker før normalt. Og det er kjærkome, for fjorårets sommarsesong vart svært dårleg. Gunnar Domstein, administrerande direktør i Domstein Pelagic, håpar såleis på høg aktivitet i sommar.
- I fjor kom vi seint igang, det var spreidd fiske, og mykje av silda hamna i Danmark, fortel Domstein.
Avhengig av kolmule
Måløy Sildoljefabrikk, er næraste nabo til Domstein Pelagic. Der er stemninga blant 39 tilsette heilt motsett. For dei siste vekene har det vore full stans i kolmulefisket nord for Stad.
Sildoljefabrikken i Vågsøy er heilt avhengig av kolmule for å halde aktiviteten i gang - 70 prosent av råstoffet er normalt kolmule. Søsterfabrikken i Egersund har alt permittert tilsette, og no fryktar leiinga i Måløy Sildoljefabrikk at det same kan skje her. I første omgang er det stopp i kolmulefiske fram til første juni.