Svaret på eksplosjonen kjem snart

I neste veke blir det truleg klart kva som var årsaka til dei voldsomme eksplosjonane ved Vest Tank sitt anlegg i Gulen.

Eksplosjon i Sløvåg
Foto: at Asbjørn Refsdal

Då skal bergensfirmaet Gexcon presentere ein omfattande rapport om ulukka.

Mange teoriar om eksplosjonsårsaka har vore lanserte, men så langt har ein ikkje greidd å finne det ut.

- Eg håpar dei har funne årsaka til ulukka. Det vil vere det beste for alle partar - også for oss, seier dagleg leiar Jostein Berland i selskapet Alexela Sløvåg, tidlegare Vest Tank.

- Fryktar du sterk kritikk?

- Nei, det gjer eg ikkje. Vi kan ikkje sjå at vi har gjort noko gale, seier han.