Hopp til innhold

Får hovudverk av datomerkinga på matvarer

Åtte av ti nordmenn seier dei slit med å lese datomerkinga på matvarer. For dei med dårleg syn er det nærmast umogleg.

Henriette Harbitz og leverposteiboks

SLIT: Henriette Harbitz er ein av mange som slit med å sjå datomerkinga på matvarer.

Foto: Oda Flaten Lødemel

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Henriette Harbitz har utfordringar med synet. Ho får i verste fall hovudverk av å lese utydeleg datomerking på matvarer.

– Dette er ein av verstingane. Dei har merka på bogen i plastlokket, seier ho om leverposteipakken.

Ho er ikkje åleine om å slite med det, viser ei fersk undersøking.

– Tenk korleis det er for dei som er heilt blinde eller ser endå dårlegare enn meg.

Leverpostei frå Mills er vanskeleg å sjå datoen på

Klarar du å lese av datomerkinga på desse varene?

Foto: Oda Flaten Lødemel
datomerking matvarer

Lita skrift og mange tal.

Datomerking matvarer

Her er datomerkinga plassert på det gjennomsiktige plastlokket på rekesalaten.

Datomerking matvarer

På kalkunskinkepakken har produsentane sett datoen på sida av plastemballasjen.

datomerking matvarer

Her er datoen skriven med svart skrift på lakseraud bakgrunn.

Datomerking matvarer

På denne kjøtdeigpakken er datomerkinga trykt på raud bakgrunn. Klarar du å lese det som står her?

Datomerking matvarer

På kyllingfileten er datoen trykt rett på plasten.

Mange slit

Ei undersøking viser at nordmenn generelt synest det er vanskeleg å finne og lese av datomerkinga på matvarer.

Nesten halvparten av dei som svarte, seier dei har kasta mat i løpet av det siste året, fordi det har vore umogleg eller vanskeleg å finne datomerkinga.

Altfor høge tal, meiner Blindeforbundet.

– Når folk utan synsnedsetting slit med å finne den, seier det seg sjølv at det er ekstra utfordrande for dei med nedsett syn, seier Martin Malkenes i Blindeforbundet i Sogn og Fjordane.

Martin Malkenes, leiar Blindeforbundet Sogn og Fjordane

Martin Malkenes er leiar i Blindeforbundet i Sogn og Fjordane. Han meiner det burde vere enkelt å forbetre datomerkinga på matvarer.

Foto: Oda Flaten Lødemel

For han er løysinga openberr. Merkinga må bli betre: Tjukkare fontar, større tal og betre fargekontrastar.

– Det kan vel ikkje vere vanskeleg å få datoen plassert i ei ramme med same storleik som til dømes strekkoden?, spør han.

Få designkrav til utforminga

Det er tre departement som har ansvar for matinformasjonsforskrifta. Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet.

Blindeforbundet ønsker seg klarar retningslinjer frå dei på korleis datomerkinga skal vere.

Mellom anna vil dei ha eit universelt symbol for datomerking, større skrift og vil at den skal stå på ein fast plass.

– Vi ønsker oss datomerking i svart skrift på kvit bakgrunn. Då kan folk flest, svaksynte og dei som er blinde, lese det, seier leiar i Blindeforbundet, Terje Andre Olsen.

– Kvifor har det ikkje skjedd før?

– No har sikkert produsentane andre omsyn å ta med tanke på emballasjen, men eg trur at det må kome endringar i regelverket.

Henriette Harbitz slit med å lese datomerking på leverpostei

På handletur må Harbitz ofte konsentrere seg intenst for å sjå datomerkinga. Når ho ikkje klarar å lese den, må ho spørje butikktilsette om hjelp. Av og til droppar ho å kjøpe matvara.

Foto: Oda Flaten Lødemel

Alle ferdigpakka matvarer skal merkast med bruksdato.

Det er to måtar å gjere det på: «Siste forbruksdag» og «Best før».

Minste skriftstorleik skal vere 1,2 millimeter (x høgde) på obligatoriske opplysingar. På mindre emballasjar skal storleiken vere minst 0,9 millimeter.

– Det er såpass smått at det er vanskeleg å sjå, sjølv med godt syn, seier Olsen.

Elles er det ingen andre krav til font, farge eller kor merkinga skal vere plassert.

– Dei verste konsekvensane er at folk kastar mat som er god, seier Olsen.

Suksess med «ofte god etter»

I 2017 starta Q-meieriene å merke mjølka si med «best før, men ikkje dårleg etter».

Seinare tok dei i bruk større fontar, etter at Blindeforbundet tok problemet opp med dei.

I fjor starta dei med datomerking på begge sider av toppen på mjølkekartongane, etter innspel frå kundar og butikkar.

For å få det til, måtte meieriet endre heile maskina som trykker datomerkinga.

– Det var mykje testing for å få det til slik at det skulle vere leseleg, seier merkevareansvarleg Pål Rasmussen.

Etter kvart har «best før, ofte god etter» og «ikkje dårleg etter», og plasseringa på toppen, blitt standard på dei fleste mjølkekartongar.

Det har vore ein suksess.

Talet på husstandar som ikkje tømmer ut utgått mjølk i vasken har dobla seg sidan 2017, viser ei undersøking frå Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt.

Mjølk i 2017

Slik såg merkinga ut før Q-meieriene starta med «ikkje dårleg etter».

Mjølk best før ikke dårlig etter

Slik såg det ut då merkinga «ikkje dårleg etter» kom på plass.

Mjølk i 2022 med større skrift

Her med større skrift på toppen av kartongen.

Mjølk i 2023 med merking på begge sider

Og slik ser mjølka ut etter at produsenten starta å markere begge sider av «mønet» på kartongen med dato.

– Det er gledeleg å høyre at eit par ekstra ord på kartongen faktisk hjelper, seier Mette Nygård Havre, som stod bak initiativet til «ikkje dårleg etter».

No håpar Nygård Havre at fleire matprodusentar blir betre på datomerking.

– Den er så viktig, og i alle fall om vi skal klare å unngå meir matsvinn.

Les også Vi kaster mye mindre melk enn før

I GLASSET, IKKE I SØPLA: Melken kan brukes til mer enn bare frokosten, minner mat-influenser om.

Kva skjer med regelverket?

NRK har vore i kontakt med dei tre departementa som er ansvarlege for matinformasjonsforskrifta.

Vi ville vite i kva grad ein kan endre reglane for datomerking i tråd med ønska frå Blindeforbundet.

Etter å ha retta førespurnad til fem ulike departement, svarar statssekretær Karl Kristian Bekeng i Helse- og omsorgsdepartementet i ein e-post at reglane for matmerking er felles for heile EØS-området og blir utforma gjennom eit samarbeid mellom alle medlemslanda, der Noreg deltek på lik linje med dei andre.

– Det er planlagt ein større revisjon av dette regelverket, men den har ikkje starta enno. Når den kjem i gang, skal Noreg utarbeide standpunkt og posisjonar til kva vi meiner bør bli endra og kva som kan bli betre.

– Treng vi betre datomerking? Viss nei, kvifor? Viss ja, kva gjer de for å betre datomerkinga av matvarer?

– Vi må alltid sjå kva som kan bli betre, og Blindeforbundet sine innspel peikar på ei utfordring med dagens regelverk.

– I kva grad er det realistisk å endre regelverket for datomerking i tråd med Blindeforbundet sine ønske?

– Det krev som nemnt at vi kan bli einige i EØS-området, men vi takkar Blindeforbundet for eit godt innspel.

Henriette Harbitz svaksynt i Sogndal

På handleturen i Sogndal, blir Harbitz positivt overraska over merkinga på frosenfisk, fordi det er luft rundt og tydeleg skrift. – Det er irriterande når enkle ting kunne ha blitt løyst på ein enkel måte.

Foto: Oda Flaten Lødemel

Landbruks- og matdepartementet som vi først retta førespurnad til, sende oss vidare til Helse- og omsorgsdepartementet, som sende oss vidare til Kultur- og likestillingsdepartementet, som sende oss vidare til Barne- og familiedepartementet, som deretter trudde det var Nærings- og fiskeridepartementet som skulle svare ut.

Les også Svaksynte Maren Sofie (26) kom i jobb etter utenfor­skap: – Føler meg akseptert

Maren Sofie Aske

– Veldig synd

Leverpostei er ei av varene Henriette Harbitz slit mest med å sjå datoen på.

– Det er veldig synd å høyre at datomerkinga vår er vanskeleg å lese, seier kommunikasjonssjef i Mills, Kjersti Johannessen.

Leverpostei frå Mills er vanskeleg å sjå datoen på

– Kvifor plassere datoen der?, lurar Harbitz på. – Fleire grunnar til det, svarar Mills.

Foto: Oda Flaten Lødemel

– Kvifor har de plassert den på delen av plastlokket som er bua, og ikkje på den gule bakgrunnen, til dømes?

– Fleire høve gjeld når vi vel plassering og storleik. Mellom anna skal det vere enkelt for den butikktilsette å sjå datostempelet, derfor må det plasserast slik at det er mogleg å sjå i butikkhylla, svarar Johannessen.

Mills kjem til å ta direkte kontakt med Blindeforbundet for å få deira innspel.

– Vi tek med oss tilbakemeldingane og ser på korleis vi kan betre merkinga, seier ho.

Dette svarar nokre av dei andre matprodusentane:

Viser en hånd som holder en pakke laksefilet fra Lerøy
NTB

Lerøy Sjømat

– Vi har notert oss denne tilbakemeldinga og vil ta den med oss inn i vårt framtidige arbeid med merking av produkt, seier Anne Hilde Midttveit, leiar for kvalitet og samfunnsansvar i Lerøy Seafood Group ASA.

Bilde av Nortura sitt skilt
NTB

Nortura

– Det er leit å høyre at det blir kasta så mykje mat. Nortura følgjer gjeldande reglar for merking av datostempling, men som undersøkinga til blindeforbundet viser, er dette framleis ikkje godt nok for alle. Det er supert at det blir fokusert på dette så vi får ein tydlegare vegleiar på korleis trykket skal sjå ut i storleik, farge, kontrast og så vidare, svarar Thomas Sissener Bonafede i Nortura.

Orkla sin logo
Orkla ASA

Orkla Foods

– Over fleire år har vi hatt ein god dialog med Blindeforbundet, som vi har hatt stor nytte av i utviklinga av emballasjen vår. Etter tilbakemelding frå dei har vi fokusert på å gjere tekst lettare å lese ved mellom anna å auke skriftstorleik og kontrast, og ikkje minst sikre god lesbarheit av datomerkinga, seier kommunikasjonssjef Kristoffer Barbøl Vikebak.

Plastpose med Coop sin logo
NTB scanpix

Coop

– Dette er ikkje ei utbreidd problemstilling så vidt oss bekjent, derfor er dette veldig nyttige tilbakemeldingar for oss. Datomerking blir printa på produkta når dei passerar gjennom pakkelinja i store kvanta hos produsentane, så dette kjem an på maskinvara til kvar enkelt. Basert på tilbakemeldingane vil vi følge opp dette, svarar kommunikasjonsdirektør Harald Kristiansen i Coop.

Hei!

Vi jobbar på lokalkontoret i Sogndal. Tidlegare har vi skrive om mikroplast i testiklane til menn og om at mange slit med å lese datomerkinga på matvarer

Har du tips til saker vi burde sjå på? Ta gjerne kontakt på ingeborg.grindheim.slinde@nrk.no og oda.flaten.lodemel@nrk.no