Det er ikkje blitt født så få barn i Norge sidan 2003. Saman med redusert innvandring og høg utvandring gav det den svakaste folketalsveksten sidan 2005.
Utviklinga i 2017 føyer seg dermed inn i ein tendens som har gjort seg gjeldande siste åra.
– Netto innvandring til Norge er meir enn halvert på fem år, og utvandringa er høg, seier seniorrådgjevar Marianne Tønnessen i SSB.
Tala SSB publiserte fredag viser at vi dei siste 30 åra berre har født færre barn i 2002 og 2003. Folketalet auka med 37.000 i 2017.
– Utvandringa no er høgare enn den var under dei store utvandringsbølgjene til Amerika på slutten av 1800-talet. Det er høge utvandringstal. Vi er framleis eit innvandringsland, men i skuggen av innvandringa har utvandringa auka mykje, seier Tønnesen.
Polen på topp
Framleis utgjer polakkar den største gruppa av utanlandske statsborgarar som bur i Norge, men også for den gruppa viser tala store endringar. Alt tyder på at fleire gjer som Greg Kucab, og vel å flytte tilbake til heimlandet.
2017 markerte på mange måtar eit skifte, for ikkje sidan arbeidsmarknaden vart opna for nye EU-land i Aust-Europa i 2004, har nettoinnvandringa frå Polen vore mindre.
SPENT PÅ TALA: Seniorrådgjevar Marianne Tønnessen var mest spent på om Norge hadde passert 5,3 millionar innbyggjarar, men vart skuffa.
Foto: SSB– Det er kraftig nedgang i innvandringa frå typiske arbeidsland. Årsaka kan vere at situasjonen i Norge ikkje er fullt så attraktiv som den var i ein periode, samt at situasjonen i heimlandet har teke seg opp, forklarar Tønnessen.
Nettoinnvandring er talet på alle innvandra, minus alle som utvandra.
– Tilgangen på arbeidskraft har dabba av, men framleis kjem det fleire enn som reiser ut.
Innvandringa frå Syria hadde ein stor topp våren 2016. Sidan har stadig færre syrarar kome til Norge.
– Tala for 2017 viser ein kraftig nedgang i innvandringa frå Syria, samanlikna med i 2016, seier Tønnessen.
Stor utvandring
Det er mange som reiser frå Norge no.
I fjor utvandra om lag 37.000 personar, tilsvarande innbyggjarane i Haugesund kommune, for eksempel.
– Norge har framleis folketalsvekst, det er det ikkje alle europeiske land som har, påpeikar Tønnessen.
Sogn og Fjordane på botn
Av fylka i Norge var det Akershus som hadde størst folketalsvekst i 2017, med ein auke på nær 10.000 innbyggjarar. Det står i sterk kontrast til utviklinga i Sogn og Fjordane, som fekk færre innbyggjarar gjennom året, og enda på – 36 personar.
Heller ikkje Finnmark har grunn til å feire, med knappe 16 fleire innbyggjarar enn i 2016.