Fylkest første Pride-festival vert arrangert i Førde 14.–16. juni. Planen er å gå i tog i Førde på laurdagen. Då vil leiaren i Vestland SV at alle kommunane flaggar.
– Det er ei historisk hending at Pride kjem til Sogn og Fjordane. Då synest eg det er naturleg at alle kommunane flaggar med regnbogeflagg 15.juni, seier Hege Lothe.
Tidlegare i vår vaia regnbogeflagget for første gang over Heradsplassen på Sandane. Tettstaden i Gloppen var, saman med Førde og Sogndal, kandidatar til å huse den første pridefestivalen i Sogn og Fjordane i sommar. Men det var Førde som vart vald som arrangementsplass for Pride-festivalen.
– Må vise oss positive til homofil frigjering
Lothe meiner det er naturleg og viktig at også resten av fylket viser positive haldningar og instilling til dei homofile.
– Det er ikkje alltid lett å sjå kva vi tenkjer, men ved å flagge med eit godt synleg regnbogeflagg viser vi kva vi tenkjer og meiner om homofil og lesbisk frigjering, og vi viser at vi bryr oss.
Pride Parade er kjent frå bygatene i Oslo, Stavanger, Trondheim og Bergen i mange år, og no også på mindre stader som Bygdepride i Volda og Ørsta.
Ikkje alle meiner det er rett å skulle bruke kommunen si flaggstand til å heise regnbogeflagget.
Vil ikkje flagge for Pride
Arne Glenn Flåten, som er Høgre sin toppkandidat i den nye storkommunen Sogndal, synest ikkje det er rett å flagge for pride.
– Eg synest ikkje det er rett bruk av kommunen si flaggstang. Det kan vere mange gode føremål som fortener å bli flagga for, så skal vi då flagge med rosa sløyfe for brystkreftaksjonen? Eller skal Speidaren eller Røde Kors flagge for sine arrangement, seier Flåten.
Han understrekar at han ikkje har noko i mot Pride, men at det er eit prinsippielt syn på kva kommunen skal flagge for.
– Kommunen kan heller delta eller vere representerte. Viss føremålet med flagginga skal vere å få merksemd på Pride-paraden er eg usikker på om flagging er rett. Det finst motstandarar mot det, og då kan folk ta det negativt opp.
– Kva flagg skal vi ha i november?
Sjølv om han ikkje er i mot Pride, kjem han ikkje til å flagge privat heller for pride.
– Nei eg kjem ikkje til å gjere det, for eg ser ikkje noko grunn til det. Men eg kjenner mange som skal delta. Eg flaggar ikkje noko for noko privat.
Kva andre vel å flagge for vil han ikkje meine så mykje om.
– Det må den enkelte bestemme sjølv. Men skal du flagge for pride må du ha flagg for prostata-dagen, og kva slags flagg skal vi ha oppe i november då? Movember-flagget? Eg tenkjer vi går over grensa for kva kommunen skal bruke flaggstengene sine til.
Hege Lothe utelukkar ikkje at det kan dukke opp andre arrangement der ein bør flagge.
– Akkurat dette arrangementet er viktig at vi viser engasjement. Det er ei gruppe som er blitt utsette for vald og blitt hersa med. Standpunktet er viktig, både for dei som bur her og for dei som ønskjer å flytte hit, seier ho.