Hopp til innhold

SV vil kjempe for lokalsjukehusa

Sogn og Fjordane SV er godt nøgde med landsmøtet i helga. Mellom anna meiner fylkeslaget dei fekk gjennomslag for at partiet skal kjempe for lokalsjukehusa.

Nordfjord og Lærdal sjukehus

STRID: Helse Vest har vedteke å leggje ned tilbod ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal. SV-politikarane er blant dei som ikkje vil gje seg utan kamp.

Foto: Fotomontasje

- Landsmøtet har gitt solid støtte til lokalsjukehusa, seier leiar i Sogn og Fjordane SV, Hege Lothe og legg til:

- SV i Sogn og Fjordane har gått tungt inn for at dette var ei viktig sak for SV-landsmøtet og det har vi fått gjennomslag for.

Striden om tilboda ved lokalsjukehusa har kokt lenge i Sogn og Fjordane. Helse Vest har vedteke at dei vil kutte i føde- og akuttilbod ved sjukehusa i Eid og Lærdal.

Sogn og Fjordane SV har tidlegare lova å kjempe for sjukehusa, og etter landsmøtet i partiet i helga er Lothe nøgd med det dei har fått til.

- SV er eit parti som vil forsvare lokalsjukehusa. Ein har slått fast at ein er opptatt av eit godt, sikkert og nært sjukehustilbod, seier Lothe.

Nøgd med sjukehusformuleringar

Ho seier landsmøtet vedtok fleire formuleringar om kva tilbod lokalsjukehusa skal ha.

- Formuleringane seier mellom anna at ein skal ha rimeleg nærleik til eit sjukehus med fødetilbod og kirurgisk akuttberedskap, seier Lothe.

- Rimeleg nærleik, vil det seie at ein går i mot å leggje ned fødetilbodet på Nordfjordeid og i Lærdal?

- Eg opplever vedtaket slik at SV står opp for lokalsjukehusa i Eid og Lærdal. Men detaljane i forhandlingane føregår framleis, så vi har ikkje noko vedtak frå landsmøtet som går direkte på desse sjukehusa, seier Lothe som likevel er nøgd med formuleringane.

Kjempa for lokale saker

Det var sju utsendingar frå Sogn og Fjordane SV på landsmøtet i helga.

I tillegg til sjukehussaka har fylkeslaget også kjempa for mellom anna landbrukspolitikken, bygging av Stad skipstunnel og å hindre eit fjorddeponi i Førdefjorden.

- Planane om fjorddeponi i Førdefjorden må stoggast av SV i regjering. Dette handlar om store uforsvarlege utslepp i ein laskefjord, seier Ole Erik Thingnes frå Naustdal SV, som var ein av delegatane frå fylket på landsmøtet.