Hopp til innhold

SV vil ha stopp i bygginga av vindkraftverk

Medan regjeringa går gjennom omstridde vindkraftkonsesjonar på nytt, jobbar gravemaskinene seg fram i naturen. No går SV til Stortinget med krav om anleggsstopp.

Vindkraftutbygging på Stad

GRAVING: Vegen til vindturbinane skal vere 5 kilometer lang, så langt er gravemaskinene vel 250 meter ute i terrenget.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi kan ikkje risikere å gjere stor skade på naturen for så å finne ut at konsesjonen aldri skulle vore gitt, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Regjeringa er i gang med å sjekke om vindkraftkonsesjonar er på riktig grunnlag, etter at Stortinget bad om dette i sommar.

På same tid jobbar gravemaskinene seg framover på stadar som Stadlandet i Nordfjord, Haramsøya på Sunnmøre, og Øyfjellet på Helgeland.

Førre veke vekte det oppsikt då NRK fortalde at et konsulentfirma i 2013 nedgraderte naturverdien på Stad over natta, og at NVE gav konsesjon basert på dette.

Fagfolk åtvara, men vart ikkje lytta til.

Komande måndag vil SV legge fram forslag i Stortinget om full byggestopp til gjennomgangen er ferdig. Saka kan bli handsama som hastesak same veke.

– Vi må hindre at det skjer irreversible inngrep i naturen. Vi vil at regjeringa skal sørge for at anleggsarbeidet tar pause, seier Haltbrekken.

Utbyggingsarbeid ved Okla vindkrafterk

GRAVEARBEID: Anleggsmaskinene er i sving gjennom myrterrenget på Stadlandet. Men regjeringa går gjennom konsesjonen for å sjekke om den er lovleg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tvilar på at det er lovleg

Men jusprofessor Henrik Bjørnebye ved Universitetet i Oslo tvilar på at Stortinget kan vedta byggestans.

Han seier forvaltninga må ha rettsleg grunnlag for å stanse eit prosjekt med anleggskonsesjon og godkjent detaljplan, såkalla MTA.

Så lenge det ikkje finst eit slikt rettsgrunnlag i lovverket, kan ikkje staten utan vidare stoppe anleggsarbeid.

– Då vil vedtaket vere ugyldig. Det kan tenkast å få erstatningsmessige følgjer, seier Bjørnebye.

Vil tape pengar

Falck Renewables som bygger ut vindkraft på Stad, skriv i ein e-post til NRK at ein stans vil bety økonomisk tap både for dei og andre involverte, men dei vil ikkje kommentere kor mykje.

Vindkraftorganisasjonen Norwea har sagt det kan kome søksmål på fleire hundre millionar kroner, frå dei som eig konsesjonane mot staten ved Olje- og energidepartementet.

Administrerande direktør, Scott Gilbert, seier den endelege planen for vindkraftverket er svært mykje endra og betra sidan NVE gav konsesjon i 2013.

– Det er teke omsyn til naturverdiane som var kartlagt av fagkonsulentar i 2005–2007 og 2013, ved at turbinar og tilkomstveg er flytta frå eit område med stor naturverdi, til eit område med lågare naturverdi og konflikt, seier Gilbert.

– I tillegg er talet på turbinar redusert vesentleg frå dei første planane i 2005, ein reduksjon frå 20 til no fem turbinar.

Heile vindkraftanlegget ligg likevel framleis i det området miljøstyremaktene kallar viktig. Det syner kartet Falck Renewables sjølv har sendt NRK, der veg og turbinar er teikna inn

Kjelde: Miljødirektoratet sin naturbase

KrF og Frp skeptiske

På Stortinget er det skepsis til byggestans. Stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) vil heller at regjeringa går raskare fram for å finne ut om konsesjonane er lovlege.

– Vi forventar at regjeringa snart kan kome tilbake til Stortinget med svar.

Stortingsrepresentant Tore Storehaug frå KrF vil heller ikkje støtte SV sitt forslag.

– Vi har fått ei stortingsmelding om vindkraftpolitikken. Det kjem store endringar i haust, og då må vi sjå på desse sakene samla.

Moxnes: Saka er vanvettig

Partileiar i Raudt, Bjørnar Moxnes seier dei sjølvsagt vil støtte forslaget.

– Saka frå Stadlandet syner kor vanvettig systemet har blitt. Offentlege og nøytrale instansar bør utføre slike kartleggingar, ikkje innleigde konsulentfirma, meiner Moxnes.

Han er ikkje uroa over om ein byggestopp kan vere i strid med lovverket.

– Det er eit spørsmål om konsesjonane i det heile teke er gyldig. Då er det rett at lovgjevar trykker inn pauseknappen og får saka vurdert på nytt, meiner Moxnes.

Meiner regjeringa kan stoppe bygginga

Lars Haltbrekken meiner at regjeringa kan stoppe bygginga.

SV vil be regjeringa «sette i verk tiltak for å forhindre irreversible naturinngrep».

– Regjeringa kan kome med ei klar oppmoding til utbyggarane. Det vil vere mildt sagt oppsiktsvekkande om dei ikkje lyttar, det har dei alt å tene på å gjere, seier Haltbrekken.

Vegen til Årvik på Stadlandet

OKLA: Det er i fjella i bakgrunnen vindturbinane på Stadlandet er planlagt.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK