Verna naturområde kan vera god butikk. Det viser ei ny evaluering av eit fylkeskommunalt prosjekt som har prøvd å få til næringsverksemd i verneområde. Etter eit seminar og ein brevandringstur i Jostedalen i helga meiner også SV-leiar Halvorsen at potensialet er stort.
Skeptisk til Kaldakari
Forsøket på å tena pengar i norske verneområde har skapt mykje rabalder. Ein klassisk konflikt mellom bruk og vern er Kaldakari-prosjektet i Veitastrond. Der prøver bygdefolket å starta opp med helikoptertransport og restaurantdrift på fjellet Kaldakari.
Men miljøvernorganisasjonane protesterer mot dette fordi helikopterflyginga lagar støy i nasjonalparken. Også SV-leiar Kristin Halvorsen er skeptisk til Kaldakari-prosjektet.