Den lengste lærarstreiken nokosinne har lenge verka heilt fastlåst.
I Bergen gjekk lærarar ut i streik allereie før sommaren. Også i haust har mange av opptrappingane råka byen hardt. Derfor er elevane her blant dei hardast råka i landet.
Nå går fylkespolitikar Marthe Hammer (SV) i Vestland hardt ut mot arbeidsgjevarorganisasjonen KS.
Ho meiner dei ikkje har gjort jobben sin, når elevar i Vestland har blitt så hardt ramma av lærarstreiken.
– Er me eigentleg tente med å ha KS som arbeidsgjevarorganisasjon når det fører til at så mange av våre elevar endar opp med å ikkje få skulegang denne hausten? seier ho.
– Bør forhandla utanfor KS
KS leiar kvart år lønnsforhandlingane på vegner av alle kommunar og fylkeskommunar i landet, bortsett frå Oslo.
– I Oslo klarte dei jo å bli einige. Me bør ta ein diskusjon på om me bør halda fram som medlem i KS, eller forhandla utanfor KS slik Oslo gjer, meiner Hammer.
Vestland fylkeskommune betalar årleg 19,6 millionar kroner i kontingent til KS.
Hammer meiner årets lærarstreik viser at gevinsten er dårleg.
– Får me igjen for kontingentpengane, eller er det ikkje verd det? KS har sendt landets elevar ut i manglande skulegang. Dette er ikkje ein organisasjon som klarer å finna gode løysingar, meiner ho.
– Er det KS eller lærarorganisasjonane som har «sendt elevane heim»?
– Oslo kommune klarte å komma til semje. Der går elevane på skule. Her i Bergen har elevane vore veldig hardt råka i fleire månadar. Då er spørsmålet om KS faktisk er det beste for Bergen og Vestland, når me ser at me er hardast ramma i denne streiken.
Gimle oppveksttun skole er blant de skolane som er aller hardast råka under den pågåande lærarstreiken. Der gjekk 40 lærarar ut i streik allereie i juni.
Foto: Charlotte Harrvik Sanden / NRKFølgde kommunanes ynskje
KS meiner derimot at dei har god politisk støtte for at dei har prioritert helse- og omsorgssektoren i årets lønsoppgjer.
Styreleiar Gunn Marit Helgesen (H) i KS sa denne veka til NRK at dei i årets lønnsoppgjer mellom anna prioriterte helse- og omsorgssektoren, fordi politikarane i dei fleste kommunane melde inn ønske om å auka natt- og helgetillegga i den sektoren.
Samstundes seier KS at dei i år også har følgt opp kommunanes ønske om å prioritera rekruttering av høgt utdanna unge, inkludert lærarar.
Hammer seier at innspela frå Vestland om å også prioritera lærarane spesielt, ikkje vart tatt omsyn til av KS.
– Vi er ikkje blitt høyrde. Innspela våre kunne gitt KS eit handlingsrom til å finne ei løysing med lærarane. Me bør diskutera om me er tente med å la KS forhandla for oss, når våre innspel ikkje blir tatt til følge.
Styreleiar Gunn Marit Helgesen (H) seier at KS har prioritert helse- og omsorgssektoren i årets lønnsoppgjer, fordi dei fleste kommunane melde inn ønske om auka natt- og helgetillegg.
Foto: Lise Åserud / NTBFeil tidspunkt
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland støtter ikkje utspelet. Han trur heller ikkje det er fleirtal for utmelding i fylkestinget.
– Det er ikkje tida for å gå til angrep mot sine egne, når partane står i ein lovleg streik, seier han.
Sjølv om Oslo har valt å forhandle utanfor KS, trur han ikkje at det er løysinga her.
– Oslo er meir enn dobbelt så stort. Det er eit fylke og ein kommune. Det går ikkje an å samanlikne, meiner han.
Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) synest det er feil å gå til angrep mot ein av partane midt under ein lovleg streik.
Foto: Gorm KallestadRevurderer medlemskap
Vestland fylkeskommune brukar årleg 25 millionar kroner til medlemskap i eit hundretals ulike organisasjonar.
Uavhengig av lærarstreiken har fylkestinget sett i gong ein gjennomgang av kriteria for kva organisasjonar dei skal vera medlem i.
– Me skal mellom anna ha ein diskusjon om KS-kontingenten er med på å støtta opp under det samfunnsoppdraget Vestland fylkeskommune skal ha. Det er trass alt slik at det går heilt fint for Oslo som ikkje er med i KS, seier Hammer.
– Tydeleg signal
Dagleg leiar Frode Kyrkjebø i KS Vestland kommenterer ikkje utspelet om at fylkeskommunen bør melda seg ut av organisasjonen.
– Det er vanskeleg å kommentera utspelet frå ein enkelt politikar. Men KS sitt forhandlingsmandat har grunnlag i politiske innspel frå heile Kommune-Noreg. Det var eit tydeleg signal frå dei folkevalde at tillegga for å jobba natt og helg måtte aukast sterkt.
– Bør signal frå landets nest største by vega tyngre når KS skal prioritera i lønsforhandlingane?
– I praksis veg dei tyngre, fordi høge innbyggjartal gir større representasjon i dei fylkesvise møta som gir innspel til KS.
– Kva ville ei utmelding av Vestland bety for KS?
– Eg vil ikkje forskottera det. KS skal i alle fall bidra til ei opplyst saksutgreiing for fylkespolitikarane, seier Kyrkjebø.