Hopp til innhold

SV meiner bilistar må betale bompengar for jernbanesatsing

– Bilistane vil ikkje merke det viss dei må betale «ein tiar for tog» på hovudvegane rundt byane, meiner SV. Frp kallar forslaget utruleg og komisk.

Ny E16 og jernbane på Vaksdal

LYNTOG: På sikt ønsker SV at dobbelspor med høgfartstog, ikkje fly og motorvegar, skal knytte norske storbyar saman. Her er illustrasjonsfoto frå planlagt ny E16 og jernbane på Vaksdal mellom Voss og Bergen.

Illustrasjon: Vegvesenet/Bane Nor

– Kvifor ikkje «tog for ein tiar»? spør stortingsrepresentant Arne Nævra i SV.

Inspirert av det gamle bensinstasjonsslagordet «Wiener for ein tiar», meiner SV vanlege biltrafikantar inn og ut av storbyane må betale ti kroner per passering for å bidra til jernbaneutbygging.

– Det hadde ikkje folk merka, men ein hadde fått inn mange milliardar kroner. Då kunne vi bygd ut moderne, dobbelspora og flott jernbane for pendlarane inn og ut av dei store byane.

14. juni skal Stortinget vedta Nasjonal transportplan (NTP) for perioden 2022–2033. Sett opp imot regjeringa sitt NTP-forslag vil SV flytte til saman rundt 100 milliardar kroner frå motorvegbygging til jernbane dei neste tolv åra.

Arne Nævra (og Lars Haltbrekken) i SV

VIL HA MEIR TIL JERNBANE: – Det er jernbanen som skal binde landet saman, ikkje fly eller firefeltsvegar, meiner stortingsrepresentant Arne Nævra (SV).

Foto: ARNE NAEVRA

Eit anna NTP-forslag frå SV er å la langtransport og vanlege bilistar betale til saman 36 milliardar kroner i godsavgift eller bompengar øyremerka til å bygge jernbane.

– Vi må vurdere godsavgift på lange transportar på gummihjul. Fleire land har det. Det vil auke konkurranseevna til gods på jernbane, seier Nævra.

Frp: – Komisk forslag

«Komisk», seier Helge André Njåstad i Framstegspartiet om SV-forslaget.

– Alle bilistar må jo lure på kva som er logikken. SV vil ikkje ha vegar som bilane skal køyra på, men dei vil finansiere all togsatsinga gjennom at bilistane skal betale ein tiar i byen og langtransporten betale ei avgift.

Han viser til at dei store jernbanestrekningane ligg på Austlandet. Njåstad meiner SV-forslaget i realiteten er å ta frå Vestlandet.

– Dessutan er dei også i mot ferjefri E39, så dei er mot å knytte Vestlandet saman. Vi får ikkje håpa dei får gjennomslag for dette eller kjem i vippeposisjon etter valet i haust. Det kan gå ut over vekstkrafta i Noreg.

Helge André Njåstad, Frp

KOMISK: Helge André Njåstad i Framstegspartiet avviser forslaget frå SV om å finansiere jernbanebygging med øyremerka bompengar frå bilistar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Hydrogentog og fossilbilforbod

SV ønskjer òg å kutte 6 milliardar kroner til lufthamner, og auke med 19 milliardar til byområde, 12 milliardar til fylkesvegar og like mykje til rassikring.

Partiet vil teste ut hydrogendrivne tog, til dømes på Raumabanen, forby fossilbilar i 2025, og gi elektriske varebilar gratis bompassering.

– Kor realistisk er det at vesle SV får gjennomslag for nokon av sine NTP-forslag?

– Samferdsleminister Knut Arild Hareide har jo vedgått at SV er truverdige på å omdisponere pengar i NTP, seier Nævra.

– Råkar distrikta

Hareide stadfestar dette delvis.

– Eg er nok ueinig i forslaga frå SV, men syns dei skal ha honnør for at dei er truverdige i si satsing på jernbane. Dei vel å prioritere det, men det går ut over folk, ikkje minst i Distrikts-Noreg.

Samferdsleministeren frå Krf viser til at berre 6–8 prosent av reisene i Noreg skjer med jernbane.

– Det må vi ta omsyn til når vi investerer.

Illustrasjon på felles rømningssystem på ny E16 og jernbane mellom bergen og voss

TOG ELLER MOTORVEG? Mellom Bergen og Voss er det planlagt ny E16 og jernbane parallelt, stort sett i tunnel.

Illustrasjon: Statens vegvesen/Bane Nor