Finansanalytikarane jublar no for inntoget til investor John Fredriksen i laksenæringa gjennom store oppkjøp i Pan Fish og Fjord Seafood. Særleg er dei positive til ein fusjon av oppdrettsgigantane med statseigde Cermac som igjen kan føre til konsolidering av næringa gjennom at det blir færre og større aktørar. Men Inge Ryan i SV er bekymra over utviklinga.
Inge Ryan. Arkivfoto NRK
Færre slakteri
Særleg ser finanseliten potensialet i ei kraftig sentralisering av slakteria. På Vestlandet kan det kanskje føre til at vi snart berre har tre slakteri att.
Open for storfusjon
Næringspolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, opnar på si side langt på veg for ein storfusjon mellom Cermac, Fjord Seafood og Pan Fish.