SV gir regjeringa skulda for togforseinkingane. Høgre ber Vy slutte å «skalte og valte» med togsett

Halvparten av ettermiddagstoga på Bergensbanen går ikkje i rute i 2020. Medan SV går til åtak på jernbanereforma, minner Høgre Vy om at monopolet er over.

Bergensbanen på Finse stasjon

IKKJE I RUTE: Bergensbanen i fint driv ved Finse på Hardangervidda. Men ikkje alt går på skjener for Vy i 2020.

Foto: Espen Bratlie / Samfoto

NRK fortalde fredag at ei rutineendring hjå Vy har fått forseinkingane til å gå i taket på ettermiddagstoget frå Oslo på Bergensbanen.

Avgangen frå Oslo 15.43 lyser no raudt i statistikken. I 2019 var eitt av fire tog forseinka på avgangen.

Frå 15. desember til 15. januar vaks dette brått til seks av ti tog. Årsaka er at Vy må bruke same togsett som kjem inn på perrongen frå Bergen under ein time før.

–Det høyrest ut som ein elendig ide som går utover arbeidsforholda til dei som jobbar på toga. Og ikkje minst for passasjerane på Bergensbanen som kjem seg for seint av garde, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Bilde av Audun Lysbakken, tatt på Landsstyremøtet i 2018. SV-logoen er i bakgrunnen.
Foto: Terje Pedersen / NPK

Låst til strekninga

På under ein time skal morgontoget frå Bergen tømmast for passasjerar. Så må det ut av Oslo S for å bli snudd, vaska og klargjort, før passasjerane kan stige på ettermiddagstoget vestover.

Vy har innført rutineendringa som følgje av jernbanereforma.

Frå 15. desember byrja Go-Ahead å køyre på Sørlandsbanen. Frå juni 2020 tek SJ over sju togstrekningar i landet.

Dei ulike operatørane er nøydde til å nytte det vognmateriellet som er låst til strekninga dei køyrer på. Tidlegare kunne NSB organisere vognene som dei ville. Og frå 2021 skal Vy opp i seks daglege avgangar på Bergensbanen.

Sjølv vil ikkje Vy skulde på andre enn seg sjølv, men Lysbakken fyrer laus mot regjeringa.

– Dette er eit veldig godt døme på kor håplaus jernbanereforma er. Det er dumt med privatisering og oppsplitting av norsk jernbane. Dette er regjeringa si skuld.

– Dei får vurdere om dei må sette mange av dei nye direktørane til å vaske toga, viss dei skal klare å oppfylle sine egne målsetningar.

Bergensbanen på Oslo S, februar 2020
Foto: Intisaar Ali / NRK

Høgre: Utelukkande Vy si skuld

– Dette er Vy si skuld og Vy si skuld åleine. Selskapet har eit ansvar for å levere overfor passasjerane. Det har dei sjølve sagt at dei skal gjera, og at dei skal ta seg saman, seier stortingsrepresentant Peter Christian Frølich frå Høgre.

Han viser til at selskapet sjølv ikkje vil gi jernbanereforma skulda for forseinkingane.

– Eg trur dette er ein vekkar for Vy. Dei ser at det er nye tider og at me stiller større krav til kvaliteten i jernbanen. Vy kan ikkje lenger skalte og valte med vognsetta slik dei kunne då dei hadde monopol, seier Frølich.

Stortingsrepresentanten vedgår at jernbanereforma i starten vil påverka aktørane sitt handlingsrom knytt til vognsetta, men avfeiar kritikken frå Lysbakken.

– Innleiingsvis må ein nok rekna med at det er litt uvant for aktørane, men eg trur det vil gå seg til. SV er imot stort sett all endring som inneber konkurranse, så kritikken lever eg godt med. Denne reforma kjem til å visa kvifor det er bra å gjera som resten av Europa har gjort, og kjem til å skjerpa aktørane, kontrar Frølich.

D-xpEd1gCfU

SKULDAR PÅ VY: Stortingspolitikar Peter Christian Frølich skuldar togforseinkinga utelukkande på Vy.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix