Hopp til innhold

Ni bilistar tekne for høg fart i 60-sone

Ni bilistar fekk kvar sitt forenkla førelegg då Utrykkingspolitiet heldt fartskontroll på fylkesveg 60 i Innvik torsdag.

I løpet av torsdag har UP halde to trafikkontrollar i Stryn kommune.

Først på dagen heldt dei promillekontroll på riksveg 15 ved Skredestranda. I alt vart 40 bilistar kontrollerte, alle bles grønt.

Tok bilist med for mange prikkar

Politiet heldt så fram med fartskontroll på fylkesveg 60 i Innvik. Her fekk ni bilførarar forenkla førelegg for høg fart. Høgste fart vart målt til 80 kilometer i timen i 60-sona.

I tillegg vart ein bilførar politimeldt samt fråteken førarkortet grunna for mange prikkar.

Også lovlydig i Florø

Politiet i Florø heldt promillekontroll på Evja i Florø på torsdag. Dei kontrollerte 16 bilførarar, alle bles grønt.