Hopp til innhold

Susa over brua i høg fart med over to i promille

Ein bilførar vart natt til laurdag observert i stor fart over Måløybrua på riksveg 15 i Måløy. Då politiet stoppa vedkommande blåste sjåføren til 2,18 i promille.

Måløybrua

– Dette er eit høgt tal. No er dette blåseverdi, så den reelle verdien vil blodprøva avdekke, men dette er ein god indikator, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane.

Det var ein politipatrulje som var på jobb som tilfeldigvis oppdaga bilen i høg fart over Måløybrua like før klokka 01 i natt. Promilletesten av føraren, ein mann i 20-åra, viste at mannen på ingen måte var i stand til å føre ein bil.

– Vi er absolutt glade for at vi fekk oppdaga og stoppe føraren. Dette er ikkje slikt vi vil ha på vegane, seier Myklebust.

Mannen vart teken med til blodprøvetaking på Nordfjordeid, før han vart dimittert. Saka blir no etterforska vidare av det lokale lensmannskontoret.

Måtte skilje kamphanar

Også i resten av fylket har politiet hatt sitt å henge fingrane i natt til laurdag.

00:24: Politiet i Førde fekk melding om knuffing mellom gjester ved eit hotell i sentrum. Då ei patrulje reiste til staden roa situasjonen seg.

01:05: Natteramnane i Førde kom over to rusa jenter. "Ei snill dame heimehøyrande i Førde køyrde begge jentene heim til Florø", skriv politiet på Twitter.

01:44: Politiet i Førde fekk melding om eit slagsmål ved ein av bensinstasjonane i sentrum. Politiet reiste til staden og måtte skilje dei involverte. Ein av kamphanane vart send til legevakta, medan ein annan vart vist fekk frå sentrum. Det er oppretta sak og politiet i Førde vil etterforske hendinga ytterlegare.

Ville ikkje betale for seg

02:32: Dei tilsette ved ein serveringsstad i Florø melde om ein vanskeleg gjest som ikkje ville betale for seg etter ein fuktig kveld på byen. Vedkommande fekk lysta tilbake då politiet viste seg på staden.

02:53: Ein person vart vist vekk etter å ha urinert i sentrum av Florø. Kort tid etter kom politiet over same person, som slett ikkje hadde tenkt å gje seg for kvelden. Den tissetrengde nattevandraren er no meld for ikkje å ha følgt politiet sitt pålegg.

03:28: Politiet kom over ein person i sentrum av Florø. Vedkommande er sikta for bruk og oppbevaring av narkotika og kan vente seg eit oppgjer med politiet som har oppretta sak.