Hopp til innhold

Superstjerne vart med ektepar frå Nordfjord på fisketur

Nordfjordingen John Olav Lefdal var denne veka på fisketur med den britiske superstjerna Adele.

Adele framfører Skyfall

PÅ FISKETUR: Adele vart med ektepar frå Nordfjord på fisketur.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

– Det var ei oppleving. Adele er ei fantastisk hyggeleg dame, seier John Olav Lefdal.

For då superstjerna Adele denne veka var i Oslo for å halde konsert, var det Lefdal og kona som fekk ta henne med på båttur på Oslofjorden, skriv Fjordenes Tidende

– Vi pleier ikkje fortelje kven vi er ute med, når vi har gjester om bord. Men etter opningslåten på konserten, så peika ho på meg og kona som sat på første rad, og fortalde at ho hadde vore på fisketur med ein fantastisk båt og hatt ein kjempedag, seier Lefdal.

Fekk sjøaure

Adele hadde med seg sonen på fire år og ein livvakt, elles var det Lefdal og kona som var om bord.

Ho var som alle andre mødrer, og fekk seg to og ein halvtime privattid med sonen, som er med på turneen. Ho er ei jordnær dame, og vi hadde ein fantastisk fin og roleg dag, og når ho fekk seg ein halvkilos aure så var det berre supergøy, seier Lefdal.

Fekk billettar

Som takk for båtturen om bord i luksusyachten fekk ekteparet frå Nordfjord gratisbillettar til Adele-konserten i Oslo søndag.

– Då ho høyrde at vi ikkje hadde billettar til konserten, så sa ho at sjølvsagt skal de på konsert. Vi fekk med oss dottera vår Martine, som studerer i Oslo, og sat på første rad og hadde det heilt fantastisk.