Hopp til innhold

Smugkikk på NRK Super sin BlimE-dans som i år blir spelt inn i Førde

Vil du smugkikke på årets BlimE-dans? Sjekk dei stilige dansetrinna og høyr den kule låten.

Sjå bakomfilmen frå BlimE-innspeling i Førde

Foto: Eli Eikenæs Vengen.

– Eg er sveitt og varm! Men eg trur det går bra, seier NRK-Super sin programleiar Markus Bailey som pustar tungt når han snakkar.

– Han er veldig flink. Han har masse rytme i kroppen så dette går veldig bra, rosar Karoline Eikenæs Berge som er instruktør og jobbar for NRK Super i Førde.

I år skal dansarar frå Førde lære heile landet dansen på BlimE-dagen seinare i haust. BlimE-dansen er NRK Super sitt årlege danseprosjekt, der alle skular i landet blir inviterte til å bli med på dagen i oktober. Då dansar alle skulane samstundes.

Kule dansetrinn

Til prosjektet blir det brukt ein instruksjonsvideo og det er denne som i år blir spelt inn i Førde, med lokale dansarar.

I NRK Sogn og Fjordane har det denne helga vore intens danseaktivitet. Instruktør Karoline Eikenæs Berge instruerer NRK Super-programleiar Markus Bailey, slik at han skal lære seg dei kule dansetrinna før han blir filma.

– Det er litt press å skulle lære vekk dette. Men det skal gå, ler Markus. Han seier det ikkje er så viktig at dansen eigentleg er perfekt så lenge ein smiler og er med.

Laurdag gjorde NRK Super opptak til dansen i Førde med born frå Førde som dansarar. Om ei veke skal videoen vere klar for lansering slik at born i heile landet kan lære seg dansen.

Dansetrinn alle kan klare

– Dette er jo ein dans vi ønskjer alle skal kunne lære. Men det er mykje tempo i årets låt. Men det er ein god miks av litt Justin Bieber- og Justin Timberlake-dans, seier Karoline og viser spesielt til at det er ein spesiell bevegelse som heiter "hjartebank" i dansen.

Årets BlimE-låt er skriven av Andre Lindal som verkeleg har store artistar på skrytelista si – som Justin Bieber, Kelly Clarkson, Nelly Furtado og Britney Spears.

Dyktige og flinke born

– Det har vore utruleg kjekt, fantastisk flinke born. Dei lært mykje på kort tid, faktisk på berre ein dag. Så det er ganske krevjande for born, seier Karoline Eikenæs Berge.

Det er fyrste gong videoen blir spelt inn i Førde.

– Det er kjempekjekt å filme her og at born frå fylket får vere med på dette. Så skal jo heile landet få sjå, seier Berge.

-- Vi gler oss veldig, og håpar mange over heile landet vil vere med. Vi gler oss veldig til å treffe alle saman, seier Berge.

Når lanseringsvideoen kjem om ei vekes tid kan alle lære seg heile dansen.

Programleiar i NRK Sogn og Fjordane, Erlend Blaalid Oldeide, prøvde å hive seg med i dansen, og var spesielt god på å "fly".....

Programleiaren skulle prøve barnas eigen dans - Bli med-dansen. Det var ikkje lett...

Foto: NRK