Hopp til innhold

Sunnfjording kan bli USA-president

Forfedrane til John Thune (50) emigrerte på byrjinga av 1900-talet frå Sunnfjord. No kan «sunnfjordingen» bli den neste presidenten i USA.

Senator John Thune

PRESIDENT-KANDIDAT? John Thune har bakgrunn frå Vevring i Sunnfjord.

Foto: ALEX WONG / AFP

Det er Norge i Dag som skriv om John Thune, som kan bli Barack Obama sin motkandidat som president i USA i 2012.

50-åringen har nemleg bakgrunn i Vevring i Sunnfjord, der to unge brør i 1906 bestemte seg for å reise til Amerika. 19 og 23 år gamle vart Nikolai og Mathias Gjelsvik slusa gjennom Ellis Island.

Då byta dei også namn frå Gjelsvik til gardsnamnet Thune i Sør-Dakota.

Nikolai Gjelsvik vart då til Nick Thune. Han vart seinare far til Harold, som i sin tur fekk sonen John Thune i 1961 - 55 år etter at Nikolai hadde reist frå Sunnfjord.

Då Thune stilte opp for å forsvare senatorplassen sin i fjor, klarte ikkje demokratane å mønstre motkandidat, og han vart vald med 100 prosent av stemmene.

No er Thune ifølgje Norge i Dag høgt oppe i presidentspekulasjonane.