Hopp til innhold

Her fekk sunnfjordingen sin 45. dom

Få dagar etter at mannen i 40-åra slapp ut frå fengsel, var han i gang med nye kriminelle handlingar.

Bergen tingrett

DØMD: Ein mann i 40-åra busett i Sunnfjord har i snitt fått ein dom i året. Mellom anna held mannen fram å ruse seg på narkotika, sjølv om han er under behandling for rusproblem.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

No har mannen, som er busett i Sunnfjord, dømd til fengsel i eitt år og fire månader for ei lang rekkje lovbrot.

Pågripen med heroin

Få dagar før han i oktober i fjor vart pågripen i Sunnfjord med narkotika, slapp mannen ut frå fengsel. I Bergen kjøpte han ei mindre mengd hasj og amfetamin, samt 18 narkotiske tablettar. Han var også rusa då han vart pågripen og sett i arrest.

To månader seinare vart han på nytt pågripen. Denne gong i Bergen, og med ei mindre mengd narkotika, mellom anna amfetamin og heroin.

Fem innbrot i Bergen

I mellomtida gjennomførte mannen fleire tjuveri og innbrot i landets to største byar. I slutten av oktober stal han fleire eigendelar frå ein personalgarderobe på eit kjøpesenter i Oslo. I løpet av november stod han for fem innbrot i Bergen.

Mannen fekk med seg ei lang rekkje varer og 25.000 kroner i kontantar. Ved to innbrot fekk han ikkje med seg noko.

Mannen erkjende delvis straffskuld då han måtte svare på lovbrota i Bergen tingrett. Han ynskte likevel ikkje å forklare seg for retten, utover at han var rusa i ugjerningane han erkjende.

– Straff har ikkje verknad

Tingretten viste til at mannen er straffedømd 44 gonger før. Seinast 30. august ved tidlegare Fjordane tingrett.

Retten såg ingen grunn til å dømme han på vilkår, slik han under tvil vart i Sunnfjord.

– Han får no sin 45. dom og tidlegare domar og gjennomførte fengselsstraffer ser i liten grad ut til å gje den ynskte verknaden, avstand frå ny kriminalitet, skriv tingrettsdommar Helge Øfstegaard Nilsen.

Fekk to månader rabatt

Tingretten la vekt på at mannen gjorde seg skuldig i ei rekkje alvorleg straffbare forhold som medførte tap, ulempe og problem for ei rekkje verksemder og personar. Mellom anna at verksemder ikkje kunne ha ordinære opningstider dagen etter innbrot.

Påtalemakta la ned påstand om fengsel eitt år og seks månader.

– Tal tidlegare domfellingar, ikkje minst det at tiltalte umiddelbart etter lauslating og i løpet av i underkant av to månader gjer så mange nye og alvorlege straffbare forhold, tilseier ein streng reaksjon, konkluderer tingrettsdommaren.

Retten fann ikkje mange formildande moment i straffutmålinga, men samarbeid og tilståing reduserte straffa med to månader. 195 dagar varetektsfengsling kjem i frådrag.

Han må også betale ei verksemd 21.000 kroner i erstatning for reparasjonar etter innbrotet.