Hopp til innhold

Her røyster Jølster-ordførar einsam majestet mot kraftfusjon

– Eg tykkjer det er trist, seier Oddmund Klakegg (Sp).

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg røystar mot fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi.

STEMDE MOT: Under generalforsamlinga onsdag ettermiddag var Jølster-ordførar, Oddmund Klakegg, den einaste som stemde mot kraftfusjon.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Generalforsamlinga i Sunnfjord Energi bestemde i dag å slå selskapet saman med BKK.

No kan kundane i Sunnfjord og ytre Sogn forventa seg opp mot 30 prosent lågare straumrekning.

– Eg kjenner meg veldig letta. Det har vore ein lang, vanskeleg og krevjande prosess, men eg kjenner meg framleis trygg på det vedtaket vi har gjort. Eg meiner det er det riktige valet for framtida for energiverket her i Sunnfjord og Ytre-Sogn, seier styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs.

Sunnfjord vert med dette BKK sitt regionsenter i den nordlege delen av Vestland fylket, og fusjonen er venta å gi ein auke på 40 arbeidsplassar i Sunnfjord og ytre Sogn. For BKK betyr fusjonen eit neste steg i selskapet si industrielle utvikling, står det i pressemeldinga frå BKK.

Styreleiar i Sunnfjord Energi, Arvid Andenæs

LETTA: Arvid Andenæs, styreleiar i Sunnfjord Energi, er letta over avgjersla.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK


Stemde i mot fusjonen

– Eg tykkjer det er leit. Eg meiner det er viktig å ha litt styring over lokale ressursar, og Sunnfjord Energi har vore eit godt styringsverktøy for oss for å utnytte dei lokale ressursane som eksisterer i vårt område, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

Det har vore lange diskusjonar om selskapa skulle slå seg saman, men til slutt var det berre Jølster av eigarkommunane som sa nei til samanslåinga.

No fryktar Klakegg at kommunen kjem til å miste retten til å vere med å ta avgjersler samt den styringa som dei i dag har.

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg røystar mot fusjon mellom BKK og Sunnfjord Energi.

UROA: Oddmund Klakegg fryktar kommunen vil få lite innverknad på framtidige avgjersler i selskapa.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Frykta er at vi mister retten til å vere med å bestemme og at vi mister den styringa vi i dag har. Eg er oppteken av å få vekst og utvikling i Sunnfjord, ikkje nødvendigvis i Bergen. Min jobb er å skape arbeidsplassar og næringsaktivitet i mitt område.

Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, har forståing for desse tankane, men seier at det no er deira oppgåve å overtyde om at denne samanslåinga er det beste for begge selskapa.

– Eg har respekt for at nokon er bekymra. No er det vår oppgåve å vise at det er det ingen grunn til å vere.

– Det viktige for oss no er å sørge for at denne fusjonen blir så bra som mogleg. Både for dei tilsette, for kundane og for eigarane våre, seier Hilland.

Jannicke Hilland

FORNØGD: Konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland, er glad for at selskapa blir slått saman.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Kutt i nettleigekostnadar

– På vegne av BKK og Sunnfjord Energi så seier vi takk for den tilliten som har blitt synt. No er det vår oppgåve å vise tilliten verdig. Vi må få til denne fusjonen på ein best mogleg måte. Både for dei tilsette, for eigarane og for regionen her, seier konsernsjef i BKK, Jannicke Hilland.

For kundane i Sunnfjord Energi sitt dekningsområde betyr samanslåinga eit kutt i nettleigekostnaden på rundt 30 prosent. Det er om lag 4500 kroner for ein familie med vanleg årsforbruk.

– Det var svært viktig for oss å forhandle fram ei avtale som uavhengig av lågare nettleige er så god at den vil vera til beste for eigarane, kundane, dei tilsette og regionen. Eg er glad for at eigarkommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn har gitt si tilslutning til denne, avsluttar Andenæs.