Hopp til innhold

Suksess for friluftsfestival i Sogndal

Yoga på Togga, paragliding frå båt og Dampskipkaien Open var berre nokre av aktivitetane som trakk publikum til Sogndal denne helga.

Video frå Fjell.og fjordmoro 2014.

FOLKEFEST: Både deltakarane og publikum såg ut til å stortrivast under Fjell og fjordmoro i Sogndal denne helga. Foto/redigering; Christian Blom.

Festivalsjefen er strålande nøgd med helgas arrangement.

– Det var veldig bra, og verkeleg ein folkefest på Dampskipkaia. Det har vore utruleg mange konkurransar og aktivitetar, fortel arrangementssjef Rosa Marie Skovly Øyrehagen.

Folk kunne få med seg enduroritt på Molden, noregscup i buldring, sandvolleyturnering, guida turar på sykkel og Yoga påfjellet Togga.

– Folk utanfrå, studentar og lokale, alle er med på å gjere det til ein folkeleg festival. Og det er det vi ynskjer også å nå ut til fleire, seier Øyrehagen.

Vil utvide til luftsport

I år samarbeidde festivalen også med studentsamfunnet Meieriet om å arrangere konsertar laurdag kveld, noko som vart godt motteke av publikum.

– Eg ventar på tala på kor mange som var der. Eg torer ikkje seie det sikkert, men mellom 800 og 1000 personar trur eg vi var. Vi er utruleg nøgde med å ha fått så mange med.

Medan fjell og fjord har vore berebjelkane i festivalen til no, så ser ikkje festivalsjefen vekk ifrå at lufta vil spele ei viktigare rolle dei komande åra.

– Vi hadde nokre folk frå Voss som dreiv paragliding frå båt. Dei synte heftig luftakrobatikk, og folk fekk prøve tandemhopping. Det var populært og fantastisk moro, så meir luftsportsaktivitetar vil vi nok prøve på fleire gonger, fortel ho.