Sudansk bokskatt i Bergen

Ein sudansk bokskatt har fått bergensk barnevakt.

Senter for Midtausten og islamske studier ved Universitetet i Bergen har fått i oppgåve å ta vare på ein enorm bokskatt.

Senteret har fått ansvar for 2000 bøker om Sudan.

Bøkene har ein verdi på til saman rundt fire millionar kroner.

Torer ikkje ha bøkene i Sudan

Det er den sudanske forretningsmannen Mahmoud Salih som eig bøkene.

Bokhandlaren Paul Wilson har i ti år jobba med å samle inn bøker om Sudan for Saih.

Paul Wilson, bokhandler
Foto: Rebecca Strand / NRK

Tysdag stod Wilson midt blant dei 2000 skattane sine ved Universitetet i Bergen. Arbeidsgjevaren hans, Saih, torer ikkje å oppbevare bøkene i Sudan, fortel Wilson.

- Tanken var å flytte bøkene til Sudan, men slike gamle og sjeldne bøker treng spesielle stader for å verte oppbevart, og slike stader finst ikkje i Sudan.

- Utruleg stolte over å ha samlinga

Årsaka til at bøkene hamna nettopp i Bergen, er at Senter for Midtausten og islamske studier ved universitetet i Bergen er det største europeiske universitetet som forskar på Sudan.

Senterkoordinator Marianne Bøe er svært fascinert over samlinga og takksam for å få høvet til å passe på ho.

- Vi er utruleg stolte av at Mahmoud Saih har valt Universitetet i Bergen og senteret til å ta vare på samlinga. Det er utruleg viktig også, fordi vi har studentar og forskarar som held på med Sudan. For dei er det av uvurderleg verdi å kunne dra nytte av denne samlinga.

Bøkene vil vere tilgjengelege for studentar og forskarar, men dei vil ikkje vere til utlån. Universitetet i Bergen har også sett i gang ei scanning av alle bøkene i samlinga, så at dei kan vere tilgjenglege utanfor Bergen.

Bøkene vert frakta attende til Sudan når dei fem åra har gått, viss det vert funne ein trygg nok stad for dei. Viss ikkje, kan dei fort verte verande i Bergen også etter at femårperioden er over.

Ei stor grå bok med ei spennande historie

Ei stor grå bok i samlinga ber med seg ei særleg spennande historie:

I 1850 forlet den rikaste unge kvinna i Holland heimlandet sitt og sette kursen mot Afrika.

Sudansk bokskatt
Foto: Rebecca Strand / NRK

Ho og det om lag hundre personar store reisefølgjet hennar samla frø og teikna plantane dei såg på reisa si. Teikningane vart sendt attende til Europa, men sjølv fekk dei aldri returnere.

I den nemnde grå boka kan ein sjå teikningar av blomane og plantane – og ho har ein verdi på over 120 000 kroner. 

- Drit i den økonomiske verdien

Fleire av bøkene skal no stilllast ut på Galleri 3,14 i Bergen, saman med fleire bilete som illustrerer Sudans mangfaldige historie

Galleriskipar og biletkunstar Gøran Ohldiecks jobbar med å velje ut dei bøkene som eignar seg best for utstillinga.

- Mange av desse bøkene er ikkje berre unike, men også svært vakre. Utstillinga skal fortelje ei historie og om den kunstneriske prosessen som ligg bak.

Ohldiecks er meir opptatt av det reint estetiske enn dei økonomiske verdiane som ligg i materialet han handterer.

- Eg driter i verdiane, for å seie det rett ut. Det er vakre ting, dei er vidunderlege å sjå på. Frå ein biletkunstnar og eit galleri sin ståstad, er den kunstneriske verdien ein verdi i seg sjølv, ein verdi som ein ikkje alltid skal setje kroner og øre på.