SV har kjempa hardt mot regjeringskollegaane Sp og Ap, ikkje minst i striden om Nordic Mining skal få etablere sjødeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Vevring.
Trur på industrieventyr
No opnar SU for å tillate fjorddeponi med gruveavfall, skriv Nationen.
SU-leiar Andreas Halse seier ein må la industrien utnytte naturressursane.
OPNAR FOR INDUSTRI: SU-leiar Andreas Halse.
Foto: SU– Prinsipielt er vi ikkje imot sjødeponi. Vi må tillate industrien å bruke tilgjengelege ressursar. Vi har stor tru på at gruvenæringa kan bli eit industrieventyr i Norge, seier SU-leder Andreas Halse til Nationen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
...men ikkje i Sunnfjord
Ungdomspartiet går likevel imot det omsøkte gruvedeponiet i Førdefjorden.
Halse vil heller ta standpunkt til sjødeponi i enkeltsaker enn å innta eit prinsipielt standpunkt. Ifølge SU-leiaren har ungdomspartiet førebels ikkje tatt stilling til fleire konkrete saker enn sjødeponiet i Førdefjorden, som dei altså har gått mot.
- LES OGSÅ:
Det er SVs miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, opphavleg frå Naustdal, som avgjer om det blir tillatt sjødeponi i Førdefjorden.