Brannvesenet var ute på fleire adresser i Bergen grunna dei store nedbørsmengdene laurdag ettermiddag.
Vatnet trengde inn i leilegheiter og kjellarar rundt om i byen, opplyser 110-sentralen.
I helga går også Feelings-festivalen av stabelen i Bergen. Men klokka 16.40 måtte konsertane stoppast som følgje av vêret.
Bergens Tidende skriv at lynet slo ned for nære festivalområdet, men at dei starta opp att konsertane då uvêret reiste vidare.
I Bjørgeveien rann det ei elv i vegbana, og vegen er stengd.
– Det står ein bil i vegen, og hjula er nesten dekka av vatn, sa Terje Magnussen, operasjonsleiar i Politiet laurdag ettermiddag.
– Unormalt konsentrert
Det har kome om lag 50 millimeter nedbør på kort tid i områda som fekk det våtast, i hovudsak sørvest for Bergen sentrum.
– Det er veldig spesielt at det kom så mykje på eit så lite område. Det var berre på nokre frå kvadratkilometer. Det skjer av og til, men er svært krevjande å melda på førehand, seier Per Egil Haga, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.
Travelt for brannvesenet
– Dei siste to-tre timane har vore veldig hektiske, seier Jostein Steinsland Hauge til NRK klokka 19. Han er vaktleiar på 110-sentralen i Bergen, og har sendt brannmannskap ut mange stader i byen i ettermiddag og kveld.
– Det har vore mange slukar og slikt som gjekk tett, og det var overfløymingar mange stader. Mange fekk vatn i kjellarane sine, og ein del vegar var under vatn, seier Hauge.
Meir regn søndag
Laurdag kveld ser det ut til at det skal roa seg, før det skal regna meir att søndag. I enkelte område på Vestlandet kan det koma opp mot 50 millimeter i morgon.
– Det kjem ganske mykje nedbør i morgon også, men me ventar ikkje så intense byer som i dag. Det blir meir jamn nedbør over eit større område, seier Haga.