Styremøtet i Fjord 1 i går og i dag rikka ikkje standpunkta til nokon av dei åtte styremedlemmene. Dagfinn Hjertenes saman med to frå Møre og Romsdal samt representanten for dei tilsette i FSF var for samanslåing. Dei meiner dette er den mest framtidsretta og effektive måten å organisere drifta på.
To representantar frå Møre og Romsdal saman med Knut O. Aarethun og styreleiar Jarle Skartun var mot. Dei meiner effektivisering av administrasjonen like godt kan skje om ein held på to selskap framleis. Og så fryktar dei lokaliseringsstriden som vil komme om ein fusjonerer.
No er det eigarane - det vil sei dei to fylkeskommunane - som tek endeleg avgjerd. Først gjennom bedriftsforsamling og til sist i generalforsamling som i praksis betyr at dei to fylkesordførarane må bli samde.