Hopp til innhold

Styreleiar i Bataljonen til BT: – Det er heilt idiotisk at folk skal drive å slåst i klubbens namn

I natt måtte politiet i Bergen rykke ut til masseslagsmål mellom supportarar av Brann og Rosenborg. Laga skal møtast til kamp på Brann Stadion klokka 17. måndag.

No har talspersonar frå begge lag sine supportarar gått ut i media for å ta avstand frå hendinga. Til Bergens Tidende seier Erland Vågane ein blir matt når ein høyrer om slike ting. Han er styreleiar i Brann sin supporterklubb Bataljonen.

– Det er heilt idiotisk at folk skal drive å slåst i klubbens namn. Det er noko vi tar ekstremt avstand frå. Dette må slutte, seier han til avisa.

Også styreleiar i Rosenborg sin supporterklubb Kjernen, Bjørn Skar, reagerer på hendinga overfor BT:

– Kvar ein form for vald på open gate høyrer ikkje heime nokon stad.