Hopp til innhold

Edvin (26) vart utbrent av frivillig arbeid – no blir foreininga redda

– Eg vart utbrent. Eg tenkte at no orkar eg ikkje meir. Eg måtte gi meg medan eg framleis hadde litt engasjement, seier Edvin Tønder.

Magnus Fjelland Ludvigsen, Edvin tønder og Camilla Egge Lye i ASF

SJELDAN TRIO: Framover vil Magnus Fjelland Ludvigsen (44), Edvin Tønder (26) og Camilla Egge Lye (25) vera med i same studentorganisasjon.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Ein lang pandemi og dei mange restriksjonane har skapt utfordringar for den frivillige innsatsen i studentmiljøa.

I mange organisasjonar har det sosiale aspektet forsvunne, slik at berre arbeidet står att. Medlemmar har slutta, og rekrutteringa har blitt vanskeleg.

Det gjer at ei heilt ny gruppe no flokkar seg til studentorganisasjonane.

Og nei, det er ikkje studentar.

Den eldste nokosinne

Tønder var leiar av Aktive Studenters Foreining (ASF) i Bergen. Der vart det utfordrande å skaffa nytt blod.

Kanskje kjem det overraskande på nokon at deira nye leiar er 49 år gamle Tor Kristian Lund.

– Eg er kanskje den eldste leiaren i ein studentorganisasjon nokosinne, tenkjer eg.

Vanlegvis er han dagleg leiar i eit selskap som distribuerer kosmetikk og hudpleie. No skal han i tillegg leia interimsstyret som skal redda foreininga etter to år med pandemi.

Engasjementet kjem ikkje heilt ut av det blå. For han har vore aktiv i foreininga før, i perioden 1996–2001.

– Foreininga stod i stor fare for å bli oppløyst. Me som har vore med før vil at nye studentar skal få oppleva det same som oss, seier han.

Tor Kristian Lund, ASF

ELDSTE LEIAR: Tor Kristian Lund mistenkjer at han er den eldste leiaren i ein studentorganisasjon nokosinne, når han no har teke over ASF.

Foto: Privat

Frivilligheita ligg brakk

Fleire studentorganisasjonar slit, ifølgje leiar Tuva Todnem Lund i Norsk studentorganisasjon (NSO).

– Frivilligheita blant studentar har i stor grad lege brakk gjennom pandemien.

Ho peikar på at digital undervising og andre restriksjonar har gjort det vanskeleg å møtast. Dette har vore med på å gjera rekruttering vanskeleg.

– No har det vart så lenge at mange slit med å få opp engasjementet i foreininga si. Det er urovekkande og skremmande.

Ho viser til SHOT-undersøkinga, som viser at mange studentar slit med einsemd.

– Her er studentorganisasjonane kjempeviktige.

Stort engasjement

Tor Kristian Lund i ASF er ikkje åleine. Dei er sju tidlegare medlemmar, eller «pampar» som dei kallar seg, i styret. I tillegg har heile 50 andre meldt seg til teneste.

– Det er stort engasjement over heile landet.

Magnus Fjelland Ludvigsen og Edvin Tønder, ASF
Magnus Fjelland Ludvigsen (44) var medlem på 2000-talet.
– Eg fekk vener for livet og lærte mykje eg har hatt god nytte av. Eg skuldar organisasjonen å bidra.
Edvin Tønder, ASF
Edvin Tønder (26) var leiar i ASF i 2020. Det vart så tungt at han måtte gi seg.
– No er me mange som skal ta børa saman.
Camilla Egge Lye, ASF
Camilla Egge Lye (25) er heilt fersk i ASF. Ho vart med i haust.
– Eg tykkjer dette er dødskult. Det er veldig sporty at dei gjer dette for organisasjonen.

– For nokre heltar

Leiaren i Norsk Studentorganisasjon har høyrt fleire historier som liknar studentforeininga i Bergen si. Ho ser svært positivt på at tidlegare medlemmar tek eit tak for å hjelpa studentane.

– For nokre heltar, tenkjer eg. Dette trur eg mange studentar vil setja stor pris på.

Ho understrekar at det ikkje er uvanleg at nokre studentorganisasjonar legg ned, medan andre blir oppretta.

– Det me ser no gjeld derimot såpass mange at det er kjempeviktig at me saman tek i eit tak.

Tuva Todnem Lund står foran en rød vegg, har på sort genser og et sølvsmykke med anheng.

UROA: Leiar i Norsk studentorganisasjon, Tuva Todnem Lund, tykkjer det er skremmande at studentorganisasjonar slit, men kallar ASF-pampane for heltar.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold

Stor påkjenning

Ho fortel at mange studentar merkar at påkjenninga gjennom pandemien har vore veldig stor, slik at ein manglar overskot til å gjera meir for organisasjonen sin.

Det er eit år sidan Tønder gav seg. No er han ferdig som student, og har overskot til å bidra igjen.

Det er Tor Kristian Lund glad for. Han er klar på at det er annleis å driva ein studentorganisasjon i 2022, samanlikna med på 90-talet.

Då er det nyttig å ha med seg yngre pampar.

Framover skal dei ikkje berre sitja i styret. Dei skal òg drifta organisasjonen.

– Me skal arrangera konsertar og andre kulturelle arrangement. Og me skal endeleg feira ASF sitt 80-års jubileum, seier han.

Men kanskje viktigast: Dei skal rekruttera nye studentar til ASF, slik at dei etter kvart kan bli pampar igjen.

Camilla Egge Lye (25) vart med i ASF i haust. Når ho ser kor engasjerte pampane er, gler ho seg til det ho har i vente.

– Krise i studentkulturen

Tor Kristian Lund meiner historia om studentforeininga i Bergen eigentleg er ei gladsak.

– Dette er eit år med mange moglegheiter for oss, seier han.

Det er derimot noko han ikkje ser like lyst på.

– Det er ein krisesituasjon for studentkulturen i Bergen. Dette må universitetet og alle i Bergen ta tak i, for om studentkulturen i Bergen forsvinn, så kan det bli ein mindre attraktiv studentby.

Todnem Lund har fått innspel om vanskar for studentorganisasjonar frå heile landet. Heller ikkje ho ser at det finst éi enkel løysing på problemet.

– Framover blir det viktig at foreiningane har ein plass å vera. Og så må det koma midlar til den frivillige innsatsen i studentmiljøa.