Hopp til innhold

Studentar vil ikkje ha Bergen-namnet

FØRDE (NRK): Studentar i Sogn og Fjordane reagerer på at Studentsamskipnaden på Vestlandet kan få forkortinga SiB, etter samskipnaden i Bergen. Det er for dyrt å bytte, seier direktøren.

Sjukepleiarstudentar på campus Førde vil ikkje at studentsamskipnaden skal få forkortinga SIB

KRITISK: NRK bad studentar på Høgskulen Vestlandet ta stilling til forkortinga SiB. Sjukepleiarstudentane Lena Kjos, Julie Hjortland og Julie Katharina Knotten i Førde vil heller ha ny logo.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Studentsamskipnaden på Vestlandet / Bergen med logo SiB

SiB kan bli namnet på Student- samskipnaden for heile Vestlandet.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Studentsamskipnaden i... Bergen? Er det ikkje det SiB står for? Det blir jo feil. Høgskulen på Vestlandet er mykje meir enn Bergen, seier sjukepleiarstudent Lena Kjos om forkortinga SiB.

På nyåret vart studentsamskipnadane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane slått saman til ein.

Sjølv om Kunnskapsdepartementet gjekk inn for namnet «Studentsamskipnaden på Vestlandet», foreslår administrasjonen for den nye samskipnaden å bruke forkortinga SiB.

Studentane i Førde ynskjer ikkje SiB som namn og foreslår alternativ til den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet

VIDEO: Studentane i Førde ynskjer ikkje SiB som namn på studentsamskipnaden, og kom med alternative forslag. Foto: Aleksander Båtnes. Redigering: Wibeke Bruland.

Kan koste ti millionar

Per Kristoan Knutsen

VIL SPARE: Per Kristian Knutsen er direktør for studentsamskipnaden og vil ikkje bruke pengar på ny merkevare

Foto: Pressefoto

Direktør for den nye Studentsamskipnaden på Vestlandet, Per Kristian Knutsen, meiner ein ikkje treng ny forkorting eller logo.

– Det er store kostnadar knytt til å skape ei ny merkevare. Vi har godt over 2000 skilt på bygningar, treningssenter og liknande som ville koste pengar å bytte ut.

Knutsen har sett på utrekningane studentsamskipnaden i Trondheim gjorde, då dei skulle slå seg saman med Gjøvik og Ålesund. Ifølgje han ville dette kosta rundt ti millionar, som gjorde at samskipnaden gjekk inn for å behalde SiT-forkortinga, også i Ålesund og Gjøvik.

Manglar ei god forkorting

Eit anna argument er at det manglar ei god, alternativ forkorting.

De nærerliggende forkortelsene er SpV, SV, SiV, SVL og StudVest, dessverre er disse i bruk av Sparebanken Vest, Sosialistisk Venstreparti, Sykehuset i Vestfold, Samenes ldrettsforbund og en studentdrevet avis

Styremøtet i studentsamskipnaden på Vestlandet 2.februar

SiB har vore eit sterkt namn blant Bergen-studentar lenge, som vil vere cirka åtti prosent av studentane vi skal tene. Men SiB vil bli eit eigenamn, ikkje stå for studentsamskipnaden i Bergen, påpeikar direktøren.

Studentsamskipnaden si avdeling i Sogn og Fjordane har uttrykt til styret at dei er ueinig i argumenta, men ynskjer ikkje å kommentere saka til NRK.

Kjenner seg trakka på

Charlotte Havneraas studentpolitikar i Førde

VIL HA NYTT NAMN: Charlotte Havnerås sit i Studenttinget på Vestlandet frå Førde

Foto: Privat

Studentpolitikar Charlotte Havneraas frå Førde er redd for at mykje makt vert flytta til Bergen og at namnet forsterkar dette.

– Med SiB som namn trur eg studentane her vil kjenne seg mindre viktige og trakka på. Det er forkortinga som vil gå igjen, og vil vere det ein hugsar, seier ho.

SiSof og SSH logo

GAMMAL LOGO: Studentsamskipnaden for Stord og Haugesund, samt Sogn og Fjordane

Havneraas kjøpar ikkje argumentet om kor dyrt det er å bytte.

– Det kostar også pengar å fjerne dagens skilt i Sogn og Fjordane (SISOF) og Stord / Haugesund (SSH). Når vi først har ein fusjon kan vi ikkje gjere det halvvegs. Vi må stå felles frå dag ein og vere likestilt.

Saka om profilering skulle avgjerast av styret i studentsamskipnaden tidleg i februar, men vart utsett av styret, som ynskte meir informasjon om kostnader. Havneraas har kome med forkortinga «SPVL for Studentsamskipnaden på Vestlandet» som alternativt forslag til styret.