Kan ha funne løysing på problemet med fjorddeponering

FØRDE (NRK): Gruveavfall som blir gjort om til betong kan vere løysinga på betent fjorddeponi-konflikt.

Studenten Kjartan Flekke Øen måler opp eklogitt.

FORSKAR PÅ BETONG: Studenten Kjartan Flekke Øen måler nøysamt opp eklogitt på laboratoriet ved Førde sementvare.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

– Kvifor skal vi dumpe steinmassen i Førdefjorden, når vi kan bruke han til å produsere produkt som uansett skal verte laga?

Dette var spørsmålet Kjartan Flekke Øen og George Sudi Ishimwe stilte seg.

Inne på laboratoriet ved Førde Sementvare arbeider dei to byggingeniørstudentane. Dei måler nøyaktig opp eklogitt, som er restmassen frå gruveaktiviteten i Engebøfjellet i Vevring.

Det er denne bergarten dei vil bruke som ingrediens i betong – i staden for sand.

Ved å sortere massen frå småstein til pulver like fint som melis, finn dei ut kor mykje av eklogitten frå gruvedrifta dei kan nytte. Det er dei finaste korna dei brukar.

I eit metallbasseng ligg det fleire betongklossar for herding. Dei må ligge i 28 dagar før styrken kan bli testa.

I eit basseng ligg det betongklossar til herding

HERDING: Her ligg betongklossane med eklogitt for herding i 28 dagar før mellom anna styrken vert testa.

Foto: Emily louisa Millan Eide / NRK

Betent konflikt

I det 300 meter høge Engebøfjellet i Vevring i Sunnfjord finst den største kjende førekomsten av mineralet rutil. Nordic Mining skal etter planen starte å vinne ut det verdifulle mineralet innan utgangen av 2020, varsla dei i januar.

Dei har fått løyve til å sleppe 4 millionar tonn gruveavfall ned på botnen av Førdefjorden kvart år. Selskapet har estimert at den årlege deponimassen av eklogitt vil vere på 1,2 millionar tonn.

Men motstanden mot utvinninga er stor. Natur og Ungdom har fleire gangar hatt aksjonar mot gruvedrifta og varslar at dei kjem til å gjere det igjen:

– Vi har fleire tusen personar som er villige til å møte opp for å stoppe prosjektet

Dersom avfallet kan nyttast mellom anna i betong, kan det vere eit alternativ til deponering, meiner studentane:

– No er vi i testfasen der vi skal finne ut styrken til betongen, forklarer Ishimwe.

Måler opp eklogitt på eit laboratorie

KOMPAKT: Bergarten eklogitt har stor tettleik og er veldig tung. Difor meiner studentane han passar bra til å bruke i tungbetong-prosjekt.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Bergarten eklogitt har svært stor tettleik og er veldig tung, gode eigenskapar når vekta er ein viktig faktor.

– Noko vi ser på som veldig interessant, er at dette kan nyttast i tungbetong-prosjekt. Som vekter på kran, betongdekke på offshoreplattformer eller betongrøyr under havoverflata, fortel Øen.

Lovande

Kenneth Nakken Angedal, prosjektleiar for Engebøprosjektet til Nordic Mining, er positiv til arbeidet studentane gjer. Han håper at dette kan vere med å løyse problemet med deponering i Førdefjorden.

– Vi har trua på at restmassane ifrå produksjonen vår kan nyttast til noko, så dette er vi svært positive til.

Studentane Øen og Ishimwe måler opp eklogitt.

BACHELOR: Å gjere gruveavfall om til betong er bacheloroppgåva til George Sudi Ishimwe(t.v.) og Kjartan Flekke Øen. Prosjektet skal vere ferdig den 25. mai.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Harald Justnes, sjefforskar ved forskingsinstituttet SINTEF, presiserer at han ikkje har noko erfaring med eklogitt, men kallar dette eit «positivt prosjekt»:

– Å nytte eklogitt i betong burde ikkje vere eit problem i seg sjølv, seier han.

Han påpeiker likevel at det står att å dokumentere kor bra betongen fungerer.

– Eklogitt er vel finkorna. For mykje finstoff i betongen kan virke negativt på støplegheita til betongen.

Justnes trur ikkje det er realistisk at ein kan nytte all restmassen frå gruvedrifta i Engebøfjellet til tungbetong-prosjekt.

– Men sjølv om ein ikkje får utnytte alt, så vil alle monnar dra.

No er håpet til studentane at prosjektet kan inspirere andre i lokalmiljøet.

– Vi ønskjer at fleire skal tenke ressurs i staden for avfall, slik at vi alle kollektivt kan finne fleire berekraftige løysingar på utfordringa, avsluttar Øen.