Studentar får ikkje teststasjon

1600 studentar som bur på Fantoft i Bergen får ikkje eigen teststasjon etter smitteutbrotet. Helsebyråd Beate Husa seier det er ledig kapasitet på dei vanlege teststasjonane. Studentane er kritiske til å skulle reise kollektivt for å få testa seg.