Hopp til innhold

Fann hundrevis av norske plagg i ein bruktbutikk i Bulgaria

To norske utvekslingsstudentar sperra opp auga då dei fann hundrevis av norske plagg i den bulgarske bruktbutikken. – Dette er bruk og kast på sitt verste, seier miljøorganisasjon.

Julie Garmo og Kristian Krystad, på bruktbutikken Humana i Blagoevgrad (ein anna bruktbutikk)

Julie Garmo (21) og Kristian Krystad (26) vart svært overraska over det som møtte dei i den bulgarske bruktbutikken. Biletet er teke i ein anna bruktbutikk, der dei òg fann norske plagg.

Foto: Héloïse Combet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dersom ein bulgarar vil, kan hen no skaffa seg ei t-skjorte med påskrifta «Ser deg i Førde». T-skjorta kjem frå ein handballcup arrangert av Førde IL.

t-skjorte frå førde
Foto: Julie Garmo

Utvekslingsstudentane Kristian Krystad (26) og Julie Garmo (21) trudde ikkje det dei såg då dei fann rundt tusen norske plagg i butikken i Sofia.

– Det var heilt sjukt, seier Krystad.

norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria

– Veldig populære t-skjorter

Aller flest t-skjorter kom frå Tinestafetten og Tine fotballskule.

– Det er ein tankevekkar. Tenk så mange som er med på det. Må me ha Tinestafetten-t-skjorte kvart einaste år til tusenvis av barn? spør Krystad.

Sponsorsjef i Tine, Ann-Kristin Steenslie Syversen, peikar på at t-skjortene deira er i god kvalitet, og at born derfor kan ha glede av dei i mange år.

– Me veit at t-skjortene også går i arv til andre aktive små, seier sponsorsjef i Tine, Ann-Kristin Steenslie Syversen.

Syversen understrekar at dei ikkje sit att med store restlager, men at det som blir til overs blir gitt vekk til velgjersorganisasjonar.

Også fleire andre av t-skjorte-avsendarane NRK har vore i kontakt med, var overraska over at deira plagg dukka opp så langt heimanfrå.

NRK har ikkje lukkast i å få kontakt med den bulgarske bruktbutikken. Me veit derfor ikkje sikkert kvar dei har fått kleda frå.

Sender 97 prosent til utlandet

97 prosent av dei brukte tekstilane som blir samla inn i Noreg blir eksportert til utlandet for sortering, ombruk og gjenvinning. Det viser ein rapport frå Norsus frå 2020.

Fretex er ein av dei største private innsamlarane av tekstilar i Noreg.

Sjølv om det ikkje er sikkert at kleda i den bulgarske bruktbutikken kjem frå dei, kan dei gi eit bilete av korleis norske klede hamnar i utlandet.

Les også Rekordmange kjøper overskotsmat: – Prisane her i Noreg er jo heilt ville

Minh Ta får mat av Natalia B. Almås

Dei forklarer at når dei får førespurnad om å ta imot profiltøy, så er det fordi givar ønskjer at det skal bli handtert på ein berekraftig måte.

– Me sender normalt ikkje dei mengdene du skildrar her, utan å først sjekka med mottakar om kleda kan brukast i marknaden, seier eksportsjef Fredrik Bratterud.

norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria
norske klede i bruktbutikk, Bulgaria

«Bruk og kast» på sitt verste

Leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, seier at mengda i butikken i Bulgaria viser at dette er klede som det verken var behov for i utgangspunktet, eller som vart selde for å brukast over tid.

– Klede som er laga for å brukast på eit idrettsarrangement, med årstal og lagnamn trykka på, har svært kort levetid og er vanskeleg å bruka igjen på den globale gjenbruksmarknaden. Dette er «bruk og kast» på sitt verste.

Anja Bakken Riise

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender meiner at dei som produserer klede skal ha økonomisk ansvar for plagga gjennom heile verdikjeda. Dei kallar prinsippet for «forureinar betalar» og samanliknar ansvaret med ordninga med flaskepant.

Foto: André Børke

– Men er det ikkje positivt at norske klede kan bli selde vidare og brukte i utlandet?

– Det er positivt at gamle klede får nye eigarar, både i Noreg og i utlandet. Men når me ser på mengdene og kvaliteten, så er det ikkje berekraftig, seier Riise.