Hopp til innhold

Student får million til fotballteknologi

Studenten Mikkel Frodahl får éin million kroner for å vidareutvikle eit dataprogram som hjelper fotballspelarar i Sogndal med trening og utvikling.

Better Player fotballdata

Mikkel Frodahl (i midten) har utvikla dataprogrammet saman med Egil Mundal (venstre) og Vegard Fusche Moe i Sogndal Fotball.

Foto: Sogndal Fotball

Mikkel Frodahl er akkurat uteksaminert frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og lagde dataprogrammet «Better Player», som ein del av masteroppgåva si i idrettsvitskap.

No har Forskingsrådet plukka ut prosjektet som eitt av femten studentprosjekt i Noreg, som kvar får éin million kroner til å kommersialisere ideane sine.

– Det betyr at vi no kan bruke eit år på å utvikle det vidare slik at det kan bli eit skikkeleg kommersielt produkt, seier oppfinnaren Frodahl.

Forenklar vanskelege tal

Dataprogrammet han utviklar er eit verktøy som systematiserer statistikk om kvar fotballspelar. Kor langt dei spring, kor fort dei spring, og andre prestasjonar blir heile tida registrert, men det er stort sett berre ekspertar som kan tyde statistikken.

Programmet hjelper fotballspelarane å forstå alt dette sjølve.

– Vi har testa det med Sogndal Fotball i to år, og vi prøver å få spelarane til å ta eigarskap til sin eigen utvikling slik at dei kan ta dei rette vala om trening og kamp. Vi håper det vil resultere i mindre skada spelarar, spelarar som presterer betre, seier Frodahl.

Vil ut i verda

Målet til Mikkel Frodahl er å få profesjonelle fotballag til å bruke dataprogrammet dagleg til å følge opp spelarane sine.

– Og på lang sikt ønsker vi at det skal kunne brukast av individuelle idrettsutøvarar som kanskje ikkje har eit stort støtteapparat rundt seg, men som har lyst til å planlegge treningskvardagen sin betre, seier Frodahl.

Sjølv om produktet er utvikla saman med IT-selskapet Rocketfarm og Sogndal Fotball, er det ikkje meininga at fotballaget i Sogndal skal få nyte godt av programmet aleine. Den unge oppfinnaren seier dei har kontakt med potensielle kundar i England og andre stader i Noreg.