Hopp til innhold

Stua har blitt lesesal – koronatiltaka krev disiplin av studentane

Etter nye koronatiltak har stua i kollektivet til Edvin Tønder plutseleg blitt førelesingssal for fire studentar. – Vi blir veldig fort distrahert her, seier dei.

Studentar på heimeundervisning

SAL FOR FIRE: Denne stua har både blitt lese- og førelesingssal for fire studentar. Det byr på utfordringar for konsentrasjonen.

Foto: Gerd Johanne Braadland

I Bergen har studentane fått mykje av skulda for at koronasmitten har spreidd seg. Særleg NHH har hatt mange tilfelle.

Denne veka bad kommunen folket om å vere med på ein ti dagars dugnad for å få kontroll på utbrotet.

Som følgje av dette får ikkje studentane i byen møte opp til fysisk undervisning. Det kan skape utfordringar, særleg dersom fire studentar skal lære pensum i eiga stue.

– Det er mykje vanskelegare å setje av to timar heime enn det er å bruke to timar på førelesning på skulen. Det er betre, seier student Ola Hesby.

Fire studentar – eitt skrivebord

I kollektivet har berre ein av fire eige skrivebord på soverommet sitt. Dermed blir det ei såkalla open kontorløysing enn så lenge.

– Eg håpar å jobbe litt meir strukturert når eg får eit skrivebord på plass, seier Edvin Tønder.

Edvin Tønder, student

POSITIVT: – Det er veldig fint at eg kan vaske leilegheita og vere på førelesning samtidig, seier student Edvin Tønder.

Foto: Gerd Johanne Braadland

– Korleis ser dagane dine ut no?

– Det er jo å stå opp, kome seg ut av senga, lage kaffi og anten sjå på forelesning eller løyse ei oppgåve, seier han.

Kollektivet meiner det er lurt å ikkje ha for mykje ledig tid.

– Ein må ha ein start på dagen og ein slutt på dagen, og om du ikkje har noko i midten blir det berre ei slags grå masse, då er det same om det er kveld eller morgon. Turar på butikken er høgdepunkt, ler dei.

Droppa fadderveka

Studentane i Bergen har fått mykje av skulda for utbrotet ein no må handtere.

– Meiner dykk at studentane har fått ufortent kritikk?

– Ja, litt. Men det er jo eit faktum at det er eit utbrot. Eg vil sei at dei fleste passar på og føl råd og reglar, seier Peter van Houtum.

Mange var samla i Nygårdsparken den fyrste kvelden i fadderveka.

TETT: Mange var samla i Nygårdsparken den fyrste kvelden i fadderveka. Bildetype

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Kollektiv-kameraten Hesby begynte i år på media og kommunikasjon.

– Eg var litt redd for korona, så eg deltok ikkje på fadderveka. Dermed har eg heller ikkje blitt kjent med så mange på studiet, fortel han.

Han har studert før, og meiner dette er den tyngste studiestarten han har vore med på.

– Vi blir veldig fort distrahert her, seier han.

Ikkje berre negativt

Både Huseby og Tønder leiar kvar si studentforeining.

– Vi brukar å vere mykje ut i løpet av dagane. Vi prøvde nyleg å arrangere konsertar, men måtte avlyse, seier dei.

Dei merkar at interessa for studentforeiningar er større. Det overraskar leiarane.

– Det har vore stor pågang i år. Dei siste åra har det vore vanskeleg å rekruttere, og no er det plutseleg masse norske studentar som kjem til oss. Det verkar som folk kjenner på at ein ikkje har så mykje å gjere, forklarar Tønder.

Tønder er på tredje året i studieløpet. Også han meiner situasjonen er krevjande, men ser ikkje berre mørkt på den nye kvardagen.

– Det er veldig fint at eg kan vaske leilegheita og vere på førelesning samtidig, seier han, og legg til:

– Det har jo positive sider også – ein slepp å gå gjennom regnet til universitetet kvar dag, seier Tønder.

Kollektivet har nettopp flytta saman, og har fått ein tett start på det nye sambuarskapet.

– Men blir de lei av kvarandre?

– Ikkje endå, i alle fall, smiler dei.