Hopp til innhold

Stryn vann 4 - 3

Det enda til slutt 4 - 3 då Stryn mandag tok imot Sogndal 2.

Pål Holko (Stryn).

Pål Holko

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det var ein jamn kamp med mange sjansar. Det var til slutt Stryn som gjekk av med sigeren, men det kunne like fort ha vorte bortesiger eller uavgjort, oppsummerer speaker Jonny Bolset.

I 89. minutt sette Pål Holko inn sitt 3 og Stryn sitt fjerde mål i kampen.

I det 82. min sette Pål Holko inn ein straffe for Stryn, og gjekk dermed opp til 3 - 3.

Det var Rune Bolset som sette inn det tredje målet for Stryn i det 64. minutt.

I det 44. minutt sette Trond Leirgulen (Stryn) inn 2-2-målet i kampen, etter eit frispark frå Pål Holko.

I 31. minutt gjekk Sogndal 2 opp i leiinga til 1 - 2 over heimelaget Stryn.

Etter ein feilpasning frå Stryn si side, sette Oddbjørn Skartun ballen sikkert i mål for sogningane.

Minuttet etter fekk Kristian Holko (Stryn) gult kort.

- Han fekk frispark mot seg og sparka ballen fekk, fortel Bolset.

I 28. minutt utjamna Sogndal 2 mot heimelaget Stryn.

Det var Kai Risholt som skåra på straffe, etter at Henrik Furebotn hadde vorte felt innanfor 16-meteren.

Etter berre to minutt gjekk heimelaget Stryn opp i leiinga over Sogndal 2.

Målskårar var Pål Holko, og han sette inn ballen med eit frispark frå 45 meter.

- Den gjekk rett i mål, fortel Jonny Bolset.