Hopp til innhold

Stryn Sommarskisenter er selt - ny eigar vil ha drift i anlegget

Stryn Sommarskisenter vart onsdag selt. Den nye eigaren har planar om å drive skisenteret vidare.

Stryn sommarskisenter

NYE KOSTAR: I dag fekk Stryn Sommarskisenter nye eigarar. Ifølgje advokat Jan Erik Mardal ønskjer den nye eigaren drift i anlegget.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Vi har fått ei avklaring når det gjeld salet av Stryn Sommarskisenter. Det er ein bydar som har fått akseptert bodet sitt i dag, så salet er avklart, seier advokat Jan Erik Mardal, som har hatt hand om salet.

Stryn Sommarskisenter vart slege konkurs i september i år og Sparebanken Vest var den største kreditoren med 2,2, millionar kroner uteståande.

Mardal vil ikkje opplyse kven som har kjøpt skisenteret.

– Nei, det vil eg ikkje seie noko om. Eg vil heller ikkje kommentere kjøpesummen, seier Mardal.

Var fire som baud

Mange har frykta at skisenteret skulle ende opp med å bli selt stykkevis og delt, og at dermed vidare drift av skisenteret hamna i det blå.
Men den frykta kan sjå ut til å ha vore ugrunna.

– Kjøparen har til intensjon å drive sommarskisenteret vidare, stadfestar Mardal.

Det var fire potensielle kjøparar til skisenteret, og alle la inn bod.

– Bodrunden har pågått over nokre dagar, så det har vore rimeleg bra interesse, seier Mardal.

Tapte rettssak

I mai 2010 kjøpte lokalt næringsliv, med hovudvekt i Stryn, Stryn Sommarski. Hovudaksjonærane var Moods of Norway, Nordfjord Kjøtt og Stryn kommune.

I 2013 hadde selskapet ei samla gjeld på 2,8 millionar kroner. I tillegg til ein dårleg sesong i 2013 vart den økonomiske situasjonen ytterlegare forverra av at selskapet i juli tapte ei rettssak mot tidlegare eigarar av selskapet.

Dei vart i Fjordane tingrett dømde til å betale selskapet Pop Norge nesten 350.000 kroner.

Ordføraren jublar

Stryneordførar Sven Flo er svært glad for nyhenda.

– Vi er utruleg glade for å få ei slik tilbakemelding. Vi har vore tett på denne prosessen over lang tid, og vi har vore tydelege på at Strynefjellet har ein viktig merkevare i seg, seier Flo.

Han peikar på at når det gjeld å selje både Stryn og regionen som eit turistmål, så er Stryn Sommarskisenter ei viktig brikke.

Sven Flo

GLAD: Stryn-ordførar Sven Flo er viss på at skisenteret er liv laga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi var uroa for om det vart vidare drift, så i dag er eg utruleg glad. Eg gler meg til å sjå på moglegheitene framover, seier Flo.

Heller ikkje han vil røpe kven som har kjøpt skisenteret.

– Men vi vil ganske snart invitere dei nye eigarane til dialog. Vi er opptekne av sommarskisenteret, og det synte vi også ved førre korsveg, då vi putta inn mykje pengar. Sjølv om det ikkje gjekk då, har eg tru på at det er moglegheiter med gode eigarar, seier Flo.