I Stryn går dei enno i uvissa om kven dei møter i kvalifisering til 2. divisjon fotball. Laget treng kamptrening på høgt nivå, men har hatt problem med å finne høvelege motstandarar.
- Triveleg å hjelpe
No får dei hjelp av Sogndal. - Det er berre triveleg å hjelpe nordfjordingane til å halde formen, seier trenar Trond Fylling på heimesida til Sogndal fotball. Kampen vert spelt onsdag kveld om vertilhøva tillet det.