Hopp til innhold

Strør millionar over kommunane i Sogn og Fjordane

Fylkestinget som startar i dag skal avgjera korleis SFE-aksjane skal fordelast. Kommunane kan vente seg ei milliongåve med stort årleg utbyte.

Sogn og Fjordane Energi

STORE KRAFTVERDIAR: Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) skal kommunane få.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

– Det betyr sjølvsagt mykje. Det er ikkje i budsjettet vårt enno, men eg skal lova deg at me kjem til å bruka kvar einaste krone, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal kommune.

Dei kan venta seg litt over ein million kroner i ekstra inntekter, dersom Fylkestinget i dag seier ja til å gi kommunane i Sogn og Fjordane aksjane sine i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Dei har aldri hatt noko eigarskap i SFE, men kan plutseleg få aksjar verdt millionar av kroner i kraftselskapet.

  • I ei tidlegare utgåve av saka stod det at saka om SFE-aksjane skulle avgjerast i dag, tysdag. No er saka utsett til første sak, onsdag morgon.

Kommunane får mesteparten

1. januar 2020 blir Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland fylke. Politikarane i Sogn og Fjordane vil prøva å sikra at verdiane blir att i fjordfylket også etter samanslåinga. Difor vil dei overføra 80 prosent av dei til kommunane i fylket.

Det betyr milliondryss over dagens Sogn og Fjordane-kommunar, dersom Fylkestinget i dag vedtek det Fylkesutvalet samla sa ja til førre veke.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 49,56 % av aksjane i SFE. Styret i kraftselskapet tilrår å betala ut totalt 100 millionar kroner i utbyte for 2018. Det betyr at om lag 50 millionar går til fylkeskommunen.

Då vil nesten alle kommunane få minst ein million kroner ekstra å rutta med, når kommunane overtek 80 prosent av aksjane som fylkeskommunen eig. Dei beheld dei resterande 20 prosent i Sogn og Fjordane Holding As.

Nye Sunnfjord får mest

Nye Sogndal kommune får 4,5 millionar kroner rett i kommunekassa, dersom utbytet blir det same som i 2018.

Stig Arne Thune

FIRE MILLIONAR INN: Stig Arne Thune, påtroppande rådmann i nye Sogndal kommune, kan venta seg over fire millionar kroner rett i kommunekassa, dersom fylkespolitikarane vedtek forslaget som ligg på bordet.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Dei vil bli veldig godt tatt i mot. Av eit driftsbudsjett på 1,1 milliardar kroner er ikkje 4,5 millionar så mykje. Men isolert sett er det mykje, og det styrkar likviditeten vår, seier Stig Arne Thune, som blir rådmann i nye Sogndal kommune (dagens Sogndal, Leikanger og Balestrand).

Aksjane blir delt etter både folketal og likedeling.

Forslag til kommunane sin eigedel i SFE

Kommune

Aksjar i prosent*

Utbyte i millionar**

Nye Sunnfjord

15 %

7,5

Nye Kinn

10,8 %

5,4

Nye Sogndal

9 %

4,5

Nye Stad

6,5 %

3,25

Stryn

4,6 %

2,3

Gloppen

3,9 %

1,95

Årdal

3,6 %

1,8

Luster

3,6 %

1,8

Høyanger

3,1 %

1,55

Bremanger

2,9 %

1,45

Askvoll

2,6 %

1,3

Fjaler

2,4 %

1,2

Vik

2,4 %

1,2

Gulen

2,2 %

1,1

Lærdal

2,1 %

1,05

Aurland

2 %

1

Hyllestad

1,8 %

0,9

Solund

1,5 %

0,75

Ekspander/minimer faktaboks

* Kor mykje kommunane får av fylket sin eigardel i SFE, som er 49,56 %. ** Dersom utbytet for 2018 blir 100 millionar for SFE. *** Gitt at Fylkestinget går inn for alternativ 1 til fordeling.

I tillegg til dette, har kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal aksjar i SFE frå før av.

– Det er i kommunane desse verdiane blir skapte, og då er det naturleg at det kjem folket og kommunane til gode, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Fylkeskommunen beheld ein liten eigardel gjennom holdingselskapet Sogn og Fjordane Holding, som gjer at dei sikrar seg fleirtalet av stemmene på generalforsamlinga.

Sjølv om politikarane går inn for denne fordelinga, er det ikkje heilt bestemt likevel. BKK, som er den nest største eigaren i SFE, meiner dei har forkjøpsrett på aksjane. Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk til sak mot kraftgiganten for å hindre at aksjane hamnar på hendene utanfor dei gamle fylkesgrensene. Både tingretten og lagmannsretten har gitt medhald til fylkeskommunen i at dei har rett til å gi aksjane til kommunane . BKK har anka dommen til Høgsterett. Ei avgjerd er venta i løpet av juni.

NB! I ei tidlegare utgåve stod det at BKK gjekk til søksmål mot fylkeskommunen. Det stemmer ikkje.