Hopp til innhold

Strømsgodset utklassa Sogndal i treningskamp

– Dette var ein dårleg treningskamp. Det kunne fort blitt både sju og åtte null.

Eliteserien fotball 2016: Start-Sogndal 1-1.

VEKKAR: Sogndaltrenar Eirik Bakke er glad dagens kamp var ein treningskamp og vil helst gløyme den så fort som råd.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Sogndal tapte heile 5–0 borte mot Strømsgodset på Marienlyst i Drammen i dag. (3-0 til pause). Sogndaltrenar Eirik Bakke er slett ikkje nøgd.

– Vi har ein god del ting å jobbe med dei siste to vekene før seriestart, seier Bakke.

I dagens treningskamp fekk han sjå eliteserierivalen Strømsgodset skape langt fleire sjansar enn Sogndal som dermed har tapt 0–9 i kampar mot eliteserielag dei 10 siste dagane. (0-4 borte mot Lillestrøm førre torsdag)

– Det er veldig ulikt oss å sleppe inn så mange mål, seier Bakke.

Han meiner litt av forklaringa kan vere mange nye spelarar og ein del skader i laget. Samtidig meiner han fleire har ein jobb å gjere.

Det er fleire av gutane som er langt frå der dei skal vere, så dei må verkeleg stå på, seier Bakke.

Islending prøvespelte

Islandske Orri Sigurður Ómarsson prøvespelte i midtforsvaret for Sogndal i denne kampen. Skadesituasjonen i laget frå saftbygda gjer at islendingen er aktuell for overgang til Sogndal. Men 5 baklengsmål var vel ikkje eit ønska scenario i debutkampen. Bakke veit enno ikkje om islendingen vil få tilbod om kontrakt.

– Han har trent med oss i ein dag. Og i dag leverte resten av laget under pari. Han hadde særs vanskelege forhold og det er vanskeleg å bedømme han etter ein slik kamp, seier Bakke.

Ikkje nøgd med midtforsvaret

Fotballekspert Jon Navarsete blei heller ikkje imponert over det han såg i dagens kamp.

– Eg håper spelarane får seg ein vekkar og går i seg sjølve for tippeligaspel er tøffe saker, seier Navarsete.

Jon Navarsete

TØFFE SAKER: Jon Navarsete meiner fleire av Sogndalspelarane må opp eit hakk eller to i prestasjonane før eliteseriestart om to veker.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Navarsete meiner midtforsvaret må bli betre hos Sogndal.

– Vi har mista Hannu Patronen og har vel ikkje lukkast med å finne ein god erstattar for han, seier Navarsete.

Men så er heller ikkje Navarsete den som er mest uroa før eliteseriestart.

– Vi har vore med på dette fleire gongar før. Vi må hugse på at for Sogndal så må målsetjinga vere å overleve i tippeligaen. Og der skal det vere gode moglegheiter, seier Navarsete optimistisk.

Og når det gjeld dagens kamp er det, i følgje Eirik Bakke, berre ein ting å gjere.

– Vi set ein stor strek over den.