Hopp til innhold

Strøbil måtte rygge nesten heila ruta

To strøbilsjåførar fekk slite på jobb på Askøy i natt. – Eg har aldri vore med på liknande, fortel sjåfør Bjarte Rødberg.

Askøy

ASKØY: Det har vore krevjande arbeidsforhold for strøbilmannskapet på Askøy i natt. Ein strøbil hamna i grøfta og ein anna sklei 100 meter fram og inn i ein stein.

Foto: Bjarte Rødberg

– Eg var på veg ned ein bakke og der forsvann alt som heiter veggrep. Lastebilen heldt jo på å skli på sjøen, men heldigvis var det ein støypekant som stoppa meg. Då var eg ikkje så høg i hatten, fortel Bjarte Rødberg.

Han har vore ute og strødd salt på vegane på Askøy sidan i går kveld.

Normalt køyrer bilane framover og har strøapparatet bak, men i natt måte Rødberg velje ein anna strategi for å komme seg fram.

– Eg har rygga nesten heile ruta mi, og har måtte strø meg fram for å ha eit visst veggrep. I natt har det vore heilt ekstremt i natt, klink is stort sett over alt. Eg har aldri vore med på liknande, fortel Rødberg.

askøy strøbil

I GRØFTA: Strøbilen sklei utfor vegen og hamna i grøfta på Askøy i natt.

Foto: Bjarte Rødberg / NRK

Bjarte Rødberg opplevde litt av kvart då han salta vegane på Askøy i natt.

– Måtte rygge heile ruta mi

Undervegs kom Rødberg over ein kollega i ein anna strøbil, som hadde hamna i grøfta på Berland.

– Han heldt på å tippe med lastebilen. Det er berre tilfeldig at bilen ikkje velta, han har vore griseheldig.

Det har vore spesielt utfordrande i natt fordi ein ikkje har sett kor glatt det har vore, seier Rødberg.

– Normalt ser ein at det glinsar i vegen, men slik har det ikkje vore i natt. Det har berre sett ut som at asfalten har vore blaut, men den har vore dekka av ei tynn ishinne som er veldig vanskeleg å føresjå.

Arbeidsdagen er enno ikkje ferdig for strøbilmannskapet, som har fått beskjed om å halde fram saltinga utover morgonen.