Hopp til innhold

Krangel om bokstaven «S» i namnet på fotballhallen, splittar bygda

Skeihallen, Skeishallen eller Skei Storhall? Spørsmålet har vekt sterke kjensler i Jølster.

Skeihallen

NAMN TIL BRY: Først var det krangel om bygginga av fotballhallen. No skaper namnet på bygget bråk i bygda.

Foto: BJARTE STEINSUND

Vårsola varmar og kvitveisen blomstrar på Skei i Jølster.

Men Kjell Kjøsnes (72) er ikkje i humør.

Han er fly forbanna over at Sunnfjord kommune har endra namnet på hallen der han har brukt over 500 timar dugnadsinnsats.

Kort fortalt fekk den nybygde storstova namnet «Skeihallen». Men det var det ikkje alle som likte. Ei namneendring var på gang.

Så kom namnesaka på kommunepolitikarane sitt bord.

Det var Firda Tidend som først omtala saka.

Vil ikkje meir

– Her i bygda kan du telje på ei hand dei som ønskjer å skifte ut namnet Skeihallen. Likevel er det vedtatt at hallen skal heite Skei storhall, seier ein oppgitt Kjøsnes.

Han la ned dei første dugnadstimane for Jølster IL på midten av 1960-talet. Mellom anna har ansvar for grasbana i alle år.

Men no vil han ikkje meir.

– All motivasjon for å drive dugnad er borte, seier han.

Kjell Kjøsnes ved Skeihallen

PROTEST: Eldsjela Kjell Kjøsnes har jobba sin siste dugnadstime.

Foto: Bård Siem / NRK

Vil ikkje ha «s» i namnet

Nokre steinkast frå hallen møter vi Hallvard Viken (78), mannen som starta namnebråket. Den tidlegare lokalpolitikaren er meir enn gjennomsnittet interessert i språk.

Han kontakta Språkrådet fordi han meinte Skeihallen var eit dårleg namn.

Derifrå vart det tilrådd at hallen burde heite anten «Skeishalla» eller «Skeishallen».

Men «s»-ein midt i ordet ville ikkje det politiske utvalet ha noko av. Difor vart «kompromisset» Skei storhall vedteke.

Det vart gjort med sju mot tre røyster.

Vil ikkje «tømme bensin på bålet»

Dermed må skiltet på Skeihallen takast ned og eit nytt må opp.

Viken får eit alvorleg drag over andletet når vi fortel at temaet for samtalen er namnet på hallen. Han ikkje vil uttale seg, får vi raskt vite.

Han vil ikkje «tømme bensin på bålet», som det heiter.

Han skal ha vorte stempla både som narsissist og at han er eit «hån mot dei som har lagt ned hundrevis av dugnadstimar på hallen».

Men kan du ikkje seie nokre ord?

– Nei, er det kontante svaret.

Hallvard Viken

HAN STARTA DET: Hallvard Viken kontakta Språkrådet om det han meinte var eit upassande namn på fotballhallen i bygda.

Foto: Steinar Lote / NRK

Forstår at dugnadsdagane er over

Tilbake ved hallen er det eit yrande liv med småbarn som spring på løpebana. Mødrer som passar på.

– Eg forstår godt at Kjell Kjøsnes ikkje vil jobbe dugnad lenger. Vi føler oss overkøyrde i namnesaka, seier Karoline Sunde (28).

Fleire av dei andre mødrene nikkar, men dei vil ikkje snakke.

Dei tør ikkje fordi saka er så «betent».

Karoline Sunde og dattera

FORSTÅR: Karoline Sunde seier ho forstår at folk ikkje vil jobbe dugnad i hallen lenger.

Foto: Bård Siem / NRK

– Unødvendig strid

Laila Tefre var leiar i Jølster IL då hallen vart bygd. No er ho nestleiar i Sunnfjord Arbeidarparti, og oppgitt over namnestriden.

– Vi hadde eit kjempebra namn og det var heilt unødvendig å starte denne striden, seier ho.

Tefre kan forstå at det verkar merkeleg for utanforståande at namnet på ein hall kan skape så sterkt engasjement. Men:

– Det er måten det blir gjort på som irriterer dei fleste. Saka må takast opp att.

Ho argumenterer også for at Skei storhall er eit misvisande namn. Dette fordi det manglar fleire meter i både breidde og lengde på at hallen er stor nok til å kunne definerast som ein storhall.

Laila Tefre Dvergsdal

KREV OMKAMP: Laila Tefre, tidlegare leiar i Jølster IL meiner folkeviljen er overkøyrd i namnestriden

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Kan bli ny namne-runde

Fire mil lenger vest, i kommunesenteret Førde, møter vi leiaren i Utval for samfunn, kultur og næring, Rune Hegrenes (Sp).

Han likar ikkje saka og vrir seg i stolen.

– Det er synd at usemje om namnet skal skape krangel og hets, og overskygge alt det positive med hallen, seier han.

Hegrenes seier «s»-en som Språkrådet føreslo var lite populært og at Skei storhall difor vart valt.

Han seier saka vil bli teken opp igjen i utvalet dersom minst ein tredel av medlemmene ønskjer det.

– Slik er reglane.

– Kan det skje at du likevel vil gå få Skeihallen?

– Det får vi sjå på, seier Hegrenes.

Rune Hegrenes (Sp) i Sunnfjord kommune.

VRIR SEG: Leiaren i Utval for samfunn, kultur og næring, Rune Hegrenes (Sp) meiner det er synd at usemje skal skape krangel og hets.

Foto: Bård Siem / NRK