– Vi har ikkje hatt tru på at sortering skal skje under kjøkenbenken, seier Oddmund Klakegg, den nye styreleiaren i Sunnfjord Miljøverk (SUM).
Hittil har det vore opp til kommunane sjølve å forvalte avfall og ta stilling til kjeldesortering, men no ynskjer Miljødirektoratet å få sett i verk ein ålmenn, nasjonal slagplan for resirkulering, som pålegg kommunane å resirkulere matavfall og plast.
– Vi vil at avfall skal materialattvinnast, og ikkje forbrennast, og då er det naudsynt å kjeldesortere. Det vil seie at avfallet må sorterast ut på kjøkenbenken i så reine fraksjonar som mogleg, seier sjefen for seksjon for avfall og grunnureining i Miljødirektoratet, Thomas Hartnik.
Skeptiske til manuell sortering
I dag bur om lag 30 prosent av alle nordmenn i ein kommune som ikkje har innført noko ordning for resirkulering av matavfall. Dei sju kommunane som inngår i SUM er blant dei få vestlandskommunane som ikkje har innført kjeldesortering.
Leiinga i Sunnfjord Miljøverk har lenge vore skeptiske til nytteverdien i å oppgradere kjeldesorteringsordninga. Drygt to tiår etter oppstarten har det no kome til ny styreleiar og dagleg leiar, men dei følgjer politikken til forgjengarane.
– Vi trur at meir av bosset skal sorterast på store anlegg. Då får du betre sortering, og det blir lettare å bruke dei ulike søppelfraksjonane og skape nye produkt av dei, seier styreleiar Klakegg og legg til:
– Dessutan er det ikkje miljøvenleg med så mange køyreturar for å hente avfall i mange ulike dunkar.
- Les også:
Den daglege leiaren, Henning Tjørhom, stemmer i og fortel at det alt står eit topp moderne anlegg for avfallssortering på Romerike. Det skal kunne gjere den sorteringsjobben som i dag vert gjort i hushaldningar i mange renovasjonsdistrikt.
Miljødirektoratet usamde i analysen
Hartnik i Miljødirektoratet meiner det ikkje vert meir køyring, og at det er heilt naudsynt at matavfall vert skild ut som bioavfall på kjøkenet hjå folk. Han tilbakeviser heile argumentet til Tjørhom:
– Avfallsanlegget på Romerike sorterer ut matavfall for seg, men det er fordi dei tek imot ferdig sortert matavfall i grøne plastposar. Dette systemet med farga plastposar i ulike fargar, som alle kan verte kasta i same dunk og verte henta på éin gong av éin og same renovasjonsbil, er tilgjengeleg for heile landet.
– Røynsler har synt at biogjødsel produsert frå matavfall vert ubrukeleg dersom det ikkje har vorte sortert ut i husstandane. Kosmetikk og liknande blandar seg med biomassen og skjemmer han. Giftstoff frå spesialavfall som feilaktig vert kasta i restavfallet kan òg blande seg med biomassen.
Leiarane i SUM understrekar at dei vil lyde dei pålegga som måtte kome frå sentralt hald.