Hopp til innhold

Strengare straff for Drevland

Lagmannsretten gir statsadvokaten nesten fullt medhald i ankesaka mot eksadvokat Odd Drevland. – Vi vurderer å anke avgjerda, seier forsvararen.

Odd Drevland

SKJERPA STRAFF: Lagmannsretten har dømd eksadvokat Odd Drevland til fengsel i to år og ti månadar. (Arkivbilete)

Foto: Johansen, Rune / SCANPIX

Gulating lagmannsrett har fredag dømd eksadvokaten til fengsel i to år og ti månader utan vilkår.

Det skriv Bergens Tidende.

Drevland vart dømd for grovt underslag, bedrageri og dokumentforfalsking i Bergen tingrett tidlegare i år, men statsadvokat Benedikte Høgseth anka fordi ho ikkje var nøgd med straffeutmålinga.

Tilstod

I tingretten bad Høgseth opphavleg om fengsel i tre år for eksadvokaten. Då vart Drevland dømd til fengsel i to år og seks månadar, der eitt år var på vilkår.

No får Høgseth altså nesten fullt medhald av dommarane i Gulating.

Like før saka gjekk for tingretten, innrømma Drevland all skuld. Lagmannsretten meiner tilståinga kom i seinaste laget, men Drevland har likevel fått ein strafferabatt på fire månadar

– Nøgd med dommen

– Det har vore vanskeleg for meg å forstå korleis ting kunne gå så gale som dei faktisk gjorde. Eg har levd på ei livsløgn lenge, sa Drevland då han forklara seg under rettssaka i tingretten.

Eksadvokaten er gift med bergensordførar Trude Drevland.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå statsadvokat Benedikte Høgseth. Til BT seier ho at ho er nøgd med dommen.

Vurderer anke

Til NRK seier forsvarar Per Magne Kristiansen at dei vurderar å anke dommen. Dei har 14 dagar på bestemme seg.

– Vi må berre ta dommen til etterretning. Tingretten gjorde ein meir heilskapleg vurdering av saka enn lagmannsretten.

– Drevland har hatt tid til å bygge seg opp før denne dommen. Så får vi ta dei fjorten dagane vi har til rådvelde for å bestemme oss om vi ankar eller ikkje, seier Kristiansen.