Straumkundar vil selja det lokale «oljefondet»

I 70 år har det lokale straumselskapet støtta forskjellige tiltak i fleire bygder på Vestlandet. No vil fleire selja arvesølvet og casha inn millionar av kroner.

Skånevik

FELLES ELLER INDIVIDUELL VERDI? Det lokale straumnettselskapet for Skånevik og fem-seks andre bygder er verd 400 millionar kroner.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Rundt om i landet står det nokre lokale pengebingar som dei siste åra har hatt ein eksplosiv verdivekst.

Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) på grensa mellom Vestland og Rogaland er ein av dei.

– Felleskapitalen i selskapet kan ein godt kalla eit lokalt oljefond, bygd opp av mange tusen eigarar i fleire generasjonar, seier styreleiar Gunnar Dalen.

Litt på same måte som oljefondet for Noreg, har pengar frå selskapet gått til forskjellige tiltak i bygder i kommunane Etne og Vindafjord.

Gunnar Dalen

PENGEBINGE: Styreleiar Gunnar Dalen kallar Skånevik Ølen Kraftlag eit lokalt «oljefond» som kan støtta lokale tiltak i all framtid.

Foto: Nortura

Tradisjonsrikt og felleseigd

Og litt på same måte som til dømes Tine er eigd av alle bønder i fellesskap, har SØK lenge vore kollektivt eigd av alle straumkundane sine.

Men i 2017 blei det vesle samvirkeselskapet endra til eit aksjeselskap, og fusjonert med langt større og mektigare Haugaland kraft.

Framleis har selskapet som føremål å komma alle i lokalsamfunnet til gode, men no er dei 1500 straumkundane samstundes aksjeeigarar.

Dei siste fire åra har verdien av SØK auka med heile 60 prosent, og selskapet har ein marknadsverdi på 400 millionar kroner.

Og no tar fleire av straumkundane til orde for å fjerna paragrafen som seier at verdiane i selskapet i hovudsak skal gå til allmennyttige føremål. Dermed kan kvar enkelt kunde selja sin aksjeandel og få utbytet inn på sin konto.

– Når nokon finn pengar strøydd ut på ein veg, samlar det seg lett folk på den vegen, seier Dalen lakonisk.

Naboselskapet selde for 365 millionar

Bakgrunnen er at det tilsvarande selskapet Fjelberg Kraftlag i nabokommunen Kvinnherad skal gi nesten like mykje pengar på deling til sine 1150 straumkundar.

Etter ei lang strid fekk dei om lag 1150 lokale straumkundane utbetalt 365 millionar kroner på deling.

Ein vanleg husstand fekk mellom 150.000 og 200.000 kroner som følge av salet.

Atle Berge i Ølen Betong

INITIATIV: Atle Berge i Ølen Betong meiner straumkundane må kunna få ta ut millionverdiane i Skånevik Ølen Kraftlag som aksjeutbytte.

Foto: Tarjei Abelsen / NRK

Sprikande interesser

Det er administrerande direktør Atle Berge i Ølen Betong som har tatt initiativ til å la aksjonærane få selja sine kraftlagsaksjar individuelt.

Ølen Betong er ein av dei største kundane og aksjonærane i kraftlaget.

– Me meiner Fjelberg Kraftlag gjorde det rette. Å løysa selskapet opp og gi verdien ut til aksjonærane, og eventuelt eit visst beløp til eit fond for gode allmennyttige føremål, seier Berge.

Styreleiar Dalen seier det er sprikande interesser blant aksjonærane.

I fjor gav selskapet rundt 2,8 millionar kroner til lokale føremål.

– Vaffelbaking og strikkebasarar er vel og bra. Men det gode livet på bygda blir endå betre med litt støtte frå SØK, meiner styreleiaren.

Westcon Yards, som med sine 15 prosent er den største aksjonæren i SØK, vil kunna tena mange titals millionar på salet. Dei er einig i at ein bør kunna selja aksjane, men sjølv vil dei behalda dei.

– Det er ei grei investering å sitja langsiktig i SØK. Eg trur grøn energi blir meir verdifullt i framtida enn i dag, seier administrerande direktør Øystein Matre.