Nær 5000 var utan straum

Delar av Bergen og Nordhordland gjekk i svart i dag tidleg. Straumbrotet råka også Haukeland universitetssjukehus.

Det første straumbrotet vart meldt inn klokka 07.25, og då var det fleire stader i Nordhordland som var gått i svart.

Kring 780 husstandar var då utan straum. Ein halvtime seinare kom meldinga om at delar av Bergen også vart råka av straumbrot.

– Det var 4.000 husstandar som mista straumen. Inkludert Haukeland universitetssjukehus, fortel pressekontakt Jørgen Steffensen i BKK til NRK.

Sjukehuset utan straum

På sjukehuset skal straumen ha vore vekke periodevis i kring 30 minutt. Pressevakta i Helse Bergen opplyser til NRK at dei jobbar med å få oversikt over omfanget av straumbrotet.

Klokka 08.37 hadde alle i Bergen fått tilbake straumen, ifølge BKK. Straumen var vekke i områda Landås, Svartediket og Kalfaret.

Her er oversikta frå BKK om kor straumen er gått. Klokka 09.30 er det kring 200 husstandar som er utan straum, og Steffensen i BKK seier dei vil ha straumen tilbake til klokka 10.00

Kraftig vind

Det er uvêr som er årsaka til straumbrotet i Nordhordland, medan det er ukjent kva som er årsaka til at straumen har gått i Bergen.

Politiet melder om at det er aukande vind langs kysten av Hordaland, og det er kome inn fleire meldingar om velta tre. Politiet oppmodar folk om å sikra lause gjenstandar.