Siste: Klokka 22.00 melder BKK at alle husstandane har fått straumen tilbake.
Til saman 3498 husstandar var utan straum i Åsane i Bergen onsdag kveld. Feilen oppstod klokka 20.02. Først to timar seinare var straumen tilbake hos alle kundar.
Meldt ned mot ti minusgrader
Straumstansen skuldast ein kabelfeil på ein transformatorstasjon i Midtbygda. BKK måtte gradvis kopla om abonnentane til andre forsyningskjelder.
Pressevakt i BKK Øystein Økland seier dei tok straumstansen i sprengkulda på alvor.
– Me kalla inn ekstra mannskap. Slike kabelfeil er ikkje uvanlege, men det er litt uheldig at dei kjem midt i den verste kuldeperioden.
– Glade for at me har peis
Ifølge yr.no er det onsdag kveld meldt ned mot minus ti grader i Åsane.
Familien Neubert i Åsane hadde heldigvis varme i huset då alt blei mørkt nesten på slaget 20.
– Me er takknemlege for at me har peis. Elles har me vore heime i heile dag og har fått temperaturen opp. Viss ikkje hadde det vore veldig kaldt, seier Guro Bøe Neubert.
Saman med mannen Pål og dei tre barna brukte ho timane på å sjå gjennom gamle bilete i heimen på Ulset.
– Me ser på gamle bilete og får gode minner, seier Fredrik, som alt i alt synest det var trivelig med nokre timar utan lys og internett.
3500 STRAUMLAUSE: Stort område utan straum i Bergen onsdag kveld.
Foto: Skjermdump / BKKForsvann to gongar
Blant anna blei kjøpesentera i Åsane alle mørklagde. Tilsette ved McDonalds Åsane stabla alle kjøttvarene på frysen i frykt for at straumbrotet ville bli langvarig.
– No flytter me alle kjølevarer inn i frysen, sjølv om han er utan straum, og håpar ingenting blir øydelagd.
Det er uvanleg kaldt i heile Sør-Noreg denne veka. I området kor straumen har gått får NRK meldingar om eit tosifra tal minusgrader.
Økland seier dei er obs på sprengkulda.
– Me kalla inn ekstra mannskap. Slike kabelfeil er ikkje uvanleg, men det er litt uheldig at det kjem midt i den verste kuldeperioden.
MØRKLAGD: 3500 husstandar var utan straum i halvannan time i sprengkulda i Bergen.