– Det er veldig gode snøforhold, og mogelegheiter for kjekk skikøyring for folk på alle slags nivå, så i helga er det berre å kome seg ut. Det seier leiar i Sogn og Fjordane Turlag Marino Ask.
Januar og Februar har vore mild og våt, og dei fleste stader har ein måtte kome seg ganske langt opp i høge for å finne turmoglegheiter på ski. Det har vore fint å gå på beina mange plassar, men dei som likar seg best med ski på beina har vorte utolmodige.
No ser det endeleg ut til å bli betre.
– Dei fleste plassar, særleg i indre strok, har det vore so kaldt dei siste dagane at ein framleis finn snø som er laus, så om ein kjem seg ut i det fine vêret no, er det til og med mogleg å finne pudder, seier Ask.
LÅGE TEMERATURAR: Det har dei siste dagane vore så låge temperaturar at det mange stder er godt skiføre med laussnø oig pudder.
Foto: privat– Best føre i indre strok
Det skal vere mogleg å finne bra skiføre mange stader i fylket, men Ask fortel at det er aller best i dei indre delane av fylket.
– Indre Sogn er veldig bra no, særleg i Sogndalsdalen og i Jostedalen ligg det mykje bra snø, og der har temperaturen vore låg lenge. Vigdalen i Jostedalen er eit heitt tips.
For Sunnfjordingar tilrår turlagsleiaren å ta turen til Jølster i helga.
– Langs heile jølstravatnet, og i andre delar av kommunen vil det nok vere veldig gode forhold no.
Også i ytre strok skal det vere mogleg å gå på ski enkelte stader, men her kan ein nok ikkje rekne med like god snø, seier Ask.
TILRÅR FOLK Å KOME SEG UT: Leiar i Sogn og Fjordane turlag mrino Ask seier at det er gode sjansar for alle å kome seg ut i helga
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK– Ikkje køyr for bratt
– Med dei skreda som har vore no, så må folk vere forsiktige, seier Ask, og tenkjer mellom anna på skred som har gått i Sogndalsdalen.
Ask tykkjer likevel ikkje at skredfaren er noko argument for å halde seg heime.
– Det er so enkelt at ein lyt finne turmål der ein ikkje går brattare enn 30 grader, då er det trygt å gå, og for dei aller fleste er 25 grader bratt nok til at ein har det veldig kjekt når ein køyrer.
Sjølv har han tenkt å ta turen til Sogndalsdalen i dag, og då er det eit turmål på austsida av dalføret han ser føre seg.
– Eg skal prøve å ta turen opp til ei lita turlagshytte som heiter grøssete i Sogndalsdalen. Det er ein veldig enkelt hytte som går kjapt å varme opp, men det er utruleg fint der.